Hopp til innhold

100% vikariat som avdelingsleiar ved Mjøstølen avlastning

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Sted

Kaldhagen 2, 5780 Kinsarvik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

 

Ullensvang kommune, Tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til eit 100 % vikariat ved Mjøstølen avlastning. Vikariatet har ei varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging.

Hos oss får du leie ei avdeling der barna kjem for å ha det trygt, godt og morosamt, og der familiane kan kjenna seg sikre på at barnet deira er i trygge hender. Mjøstølen avlastning gir tenester til både barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar, og vi held til i trivelege lokaler tett på Odda sentrum.

Som leiar hos oss blir du ein nøkkelperson i å skape gode kvardagar, utvikla stabile og varme tenester og bidra til at barna får oppleva meistring, utforsking og glede. Du vil leie eit kompetent, engasjert og omsorgsfullt team som samarbeider tett med pårørande, skule, barnehage og andre faginstansar.

Dette er ei stilling for deg som likar å kombinere fagleg utvikling, kvalitet i tenestene og eit miljø der humor, varme og samarbeid står sterkt.

 

Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du blant anna:

  • leie og vidareutvikle ei teneste som betyr mykje for mange
  • sikre stabil og kvalitativ drift gjennom gode rutinar og system
  • bidra aktivt til innovasjon, fagutvikling og kvalitetsforbetring
  • vere nær og tydeleg i personalleiinga – med fokus på trivsel, kompetanse og vekst
  • ha budsjett-, økonomi- og rapporteringsansvar
  • samarbeide tett med fagpersonar internt og eksternt
  • vere ein del av leiarnettverket og bidra inn i heilskapleg verksemdsstyring

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:

  • autorisasjon som vernepleiar eller anna relevant helsefagleg høgskule- eller universitetsutdanning. Andre med relevant bakgrunn er og velkomne til å søkje og vert vurderte.
  • gjerne erfaring som leiar
  • gjerne erfaring frå habilitering
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • personleg skikka — dette vektlegg vi sterkt

Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast og lykkast hos oss dersom du:

  • er fagleg trygg og brenn for gode tenester til barn og unge
  • har varme, tryggleik og engasjement som naturleg del av leiarstilen din
  • jobbar systematisk og har evne til å skape retning og motivasjon i teamet
  • er ein lagbygger som trivst i eit mangfaldig og inkluderande arbeidsmiljø
  • er nysgjerrig, løysingsorientert og open for utvikling og endring
  • har mot til å tenkja nytt – og klokskap til å byggja vidare på det som fungerer

Vi tilbyr
Hos oss får du:

  • ei meiningsfull og variert leiarrolle der du verkeleg gjer ein forskjell
  • eit fagmiljø i utvikling – med rom for idéar, nytenking og dine initiativ
  • dyktige og dedikerte kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen
  • konkurransedyktige vilkår og løn etter hovudtariffavtalen
  • gode moglegheiter for kompetanseheving
  • IA-arbeidsplass med gode permisjons- og pensjonsordningar
Krav
  • Politiattest
  • Oppstart: Etter avtale

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån: 

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld 


    Til orientering om Offentleglova: 

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. 

    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: 

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    15af9738-dfe2-4cdc-9325-d9a67c06c8a1

    Sist endret

    22. desember 2025

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3571257_193155_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser