Controller
Vindafjord kommune Økonomi
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du bruke økonomikompetansen din til å skape verdi i Vindafjord kommune?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. august
Me søkjer ein controller i 100% fast stilling som vil vere med på å styrkje økonomioppfølginga i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg. Du blir ein del av økonomiavdelinga og får samarbeide tett med leiarar og fagmiljø på tvers av organisasjonen.
Gjennom analysar, rapportering og styringsinformasjon skal du bidra til betre prioriteringar og god ressursbruk. Me ser etter deg som kan gjere tal til innsikt – og innsikt om til betre prioriteringar.
Hos oss får du ein jobb med ansvar, påverknad og meining. Du får vere tett på avgjerder som betyr noko – både for tenestene og for innbyggjarane.
Kva får du jobbe med hos oss?
Du vil mellom anna:
- arbeide med økonomioppfølging i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg
- bidra i arbeid med budsjett, økonomiplan, berekningar, rapportering og prognosar
- utarbeide analysar, prognosar og styringsinformasjon
- identifisere avvik, forklare utviklingstrekk og vurdere tiltak
- vere ein fagleg sparringspartnar i økonomispørsmål
- bidra til betre rutinar, arbeidsprosessar og verktøy innan økonomistyring
- utføre andre relevante oppgåver i økonomiavdelinga ved behov
Me kan tilby
- ei stilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke korleis rolla blir utvikla
- ein jobb der du får vere med og styrkje økonomioppfølginga i kommunen
- tett samarbeid med leiarar og fagmiljø i ein organisasjon med viktige samfunnsoppdrag
- varierte arbeidsoppgåver som betyr noko for både tenestene og innbyggjarane
- fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø
- ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
- forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
- lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har:
- høgare utdanning på masternivå, gjerne innan rekneskap, revisjon eller samfunnsøkonomi, men andre spesialiseringar innan økonomi blir også vurderte
- god forståing for økonomistyring og analyse
- god digital kompetanse og systemforståing
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Det er ein fordel om du også har:
- erfaring med budsjettarbeid, økonomioppfølging eller analyse
- erfaring frå offentleg sektor eller større verksemder
- gode ferdigheiter i Excel
- kjennskap til Power BI eller liknande verktøy
Nyutdanna er også velkomne til å søkje. Har du rett utdanning, motivasjon og vilje til å lære, vil du få støtte og moglegheit til å utvikle deg i rolla.
Kven er du?
Me trur du vil passe godt hos oss dersom du:
- er analytisk og strukturert
- likar å finne forklaringar, samanhengar og moglegheiter i talmateriale
- kommuniserer tydeleg og gjer økonomi forståeleg for andre
- tek initiativ og ønskjer å forbetre måtar å jobbe på
- trivst med samarbeid, men også jobbar godt sjølvstendig
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Slik søkjer du
Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader via søknadssenteret vårt. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
15a4ba58-85eb-44a1-9084-f91ec0e6fbaa
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635359_229881_nn