Hopp til innhold

Vil du vere den som skapar struktur og flyt i ein travel kvardag?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Heimetenesta

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent heimetenestene
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert konsulent i 80 - 100% fast stilling. Konsulenten har oppmøte ved begge lokasjonar. Dette er ei sentral stilling der du bidreg til at den daglege drifta fungere best mogleg gjennom koordinering, administrasjon og tett samarbeid med leiarar og medarbeidar. Hos oss blir du ein viktig del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og eit felles mål om å levere trygge og gode tenester til innbyggjarane våre. 

Heimetenstene er lokaliserte på to stader: 

  Ølen omsorgssenter:

  • Heimetenestene Indre sone
  • Dagtilbod for eldre heimebuande 

 Vindafjordtunet: 

  • Heimetenestene Ytre sone
  • Dagtilbod for personar med kognitiv svikt
  • Dagtilbod for eldre heimebuande 
Kva får du jobba med hos oss?
  • Koordinere bemanning ved fråvær og innkalling av vikrar i samarbeid med leiarane.
  • Ressursstyring.
  • Registrering og oppfølging av avvik knytt til føring av lønn.
  • Faktura behandling.
  • Administrativ støtte til leiarar.
  • Ansvar for administrasjon og oppfølging av bilparken til heimetenestene.
  • Papirarbeid knytt til nytilsette.
  • Dokumentering i kommunen sine system.
  • Arbeid i ulike digitale system, mellom anna Visma, CarAdm, CosDoc, Fremsikt og webSak
  • Bestille varer og ha oversikt over lager for tenestene
  • Arkivarbeid
  • Andre merkantile og administrative oppgåver kan bli lagt til.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Ei variert og viktig stilling med stor betydning for den daglege drifta.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Relevant utdanning innan administrasjon, kontor eller økonomi på fagarbeidar nivå.
  • Det er eit ynskje med erfaring frå administrativt arbeid, gjerne innan helse og omsorgstenester eller anna offentleg verksemd.
  • God digital kompetanse og evne til å lære nye system.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

 Personlege eigenskapar:

  • Er strukturert, nøyaktig og har god orden.
  • Trivst med å koordinere fleire oppgåver samstundes.
  • Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre.
  • Er serviceinnstilt er positivt i møte med kollega og samarbeidspartnarar.
  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig.
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein kvardag der proriteringar kan endra seg raskt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kitty Soltvedt

Einingsleiar

+47 40415462

kitty.soltvedt@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ab36b996-211d-4bce-8efd-0f5d7aa64d9f

Sist endret

24. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3646643_229841_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser