Sjukepleiar/vernepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
- Antall stillinger
- 5
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Er du ein sjukepleiar som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre? Få ein meiningsfull arbeidsdag?
Hos Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø, med direkte påverknad på livskvaliteten til bebuarane våre. Me har ledig 5 faste 80-100% stillingar som sjukepleiar ettersom nokon har/skal gå av med pensjon. Du kan ha turnus med enten dag/kveld eller natt, og me ønsker deg som ein del av vårt team!!
Om Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter:Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 15 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 32 plassar. Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.
På natt arbeidar du inne på ein avdeling eller er ute i nattpatruljen.
Me har årsturnus med innspelsmoglegheiter :) Du kan arbeide reine dag/kvelds vakter, langvakter helg og ordinære i helgane eller og kombinasjon i vekene med langvakter/dag og kveld (Då må ein minimum arbeide langvakter på helg).
Begge hus har servicemedarbeidar utover bemanning. Desse tek dei praktiske oppgåvene slik at du kan vera sjukepleiar og drive faget! På helg har me serviceassistent utover grunnbemanninga- yngre arbeidstakarar på veg inn i arbeidslivet!Hos oss vil me ha det høgt under taket, og med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan sjekka ut Facebooksidene våras (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter), om du har lyst til å bli litt betre kjent med oss.
Kva får du jobba med hos oss?- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu!
- Sjukepleiefaglege oppgåver; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisinar, pårørandekontakt, legekontakt.
- Palliasjon
- Rettleiing av og tverrfagleg samarbeid med kollegaer og studentar.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.
- Vera med å bygge sjukepleiarteam for betre teneste, samhandling, kollegaskap og arbeidsmiljø!
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
- Ein jobb som gir nokon ein god dag der du støttar, hjelper og gjer det beste for bebuaren/pasienten
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Pasientvarslingssytem og IKOS tavle
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
- Sjukepleiarar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får tilbod om lønn som er kr. 25.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
- Med relevant vidareutdanning på minst 60 studiepoeng, vil me vurdera å gi stillingskode som spesialsjukepleiar.
- Ved anna relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
- Eigen helgeavtale for langvakter kvar tredje helg
- Kompensasjon ved langvakt laurdag/søndag 500 kr/vakt
- Kompensasjon om du er veiledar til student.
- Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Stillingskode som spesialsjukepleiar krev relevant vidareutdanning på minimum 60 studiepoeng.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane - bebuaren kjem først!
- Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Likar å finne nye måtar å arbeide på!
- Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c3af4a3-d991-4148-8824-334baefa3b99
- Sist endret
26. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3654933_229835_nn