Hopp til innhold

Engasjerte helsefagarbeidarar søkes!

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Institusjonsdrift

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
6
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 15. september

Bli ein viktig del av teamet vårt på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter, kor me jobbe saman for å skapa ein trygg og god heim for våre bebuarar.

Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer noko for andre?

Då fleire går i permisjon eller er gått av med pensjon, søker me no 6 helsefagarbeidarar til spennande stillingar i 80-100% fast innen demensomsorg, somatisk langtid, korttids/rehabilitering eller nattarbeid. Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med utfordringar som vil gi deg både utvikling og meistring.

Om Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter:

Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 15 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 32 plassar. Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.

Me har årsturnus der du kjem med innspel. Du kan velge rein langvaktsturnus eller ein kombinasjon med dag/kveld (minimum langvakter på helg) eller rein dag/kveld eller rein natt:)

Begge hus har servicemedarbeidar utover bemanning. Desse tek dei praktiske oppgåvene slik at du kan vera sjukepleiar og drive faget! På helg har me serviceassistent utover grunnbemanninga- yngre arbeidstakarar på veg inn i arbeidslivet!

Hos oss vil me ha det høgt under taket, og med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Me ønsker at våre medarbeidarar skal ha moglegheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar. Me er i utvikling og ønsker å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. 

Sjekk ut Facebooksidene våres  (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter), om du har lyst til å bli litt betre kjent med oss!

Kva får du jobba med hos oss?
  • Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester.
  • Helsefaglege oppgåver som; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner mm.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
  • Pasientvarslingssystem og IKOS tavle
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
  • Helsefagarbeidarar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får tilbod om lønn som er kr. 10.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
  • Ved relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
  • Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter tredje kvar. 
  • Kompensasjon om du er veiledar til lærlingar.
  • Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, me nyttar nynorsk som skriftspråk. 
Me tenker at du:
  • Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
  • Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert
  • Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane - bebuaren kjem først!
  • Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Har interesse for faget og held deg oppdatert.
  • Likar å finne nye måtar å arbeide på! 
  • Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
  • Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
  • Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Annelin Bauge (Einingsleiar)

+47 97657778 +47 53655904

annelin.bauge@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

956ed2d9-daad-49d4-9df8-858e086e5de3

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3654937_229835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser