Helsefagarbeidar - natt
Sveio kommune
Åsvegen 12, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar - natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 65%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. oktober
Om stillinga
Eining for habilitering, avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming og samansette behov.
Vi søkjer no etter ein helsefagarbeidar i 65,7 % fast nattstilling frå 01.01.2027.
Hos oss vil du jobbe tett i team med gode kollegaer. Er du utadvend, sosial og fungerer godt i eit lite team, kan dette vere stillinga for deg. Stillinga har sju nattevakter à 10 timar per tre vekers turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- stillinga er knytt til tenester for personar med varierande grad av hjelpebehov
- tilsyn og hjelp etter individuelle behov
- miljøarbeid i tråd med tiltaksplanar
- bistand og rettleiing i situasjonar brukaren opplever som vanskelege
- bidra til at behova til brukaren på natt blir følgde opp på ein fagleg forsvarleg måte
Kvalifikasjonar
- fagbrev som helsefagarbeidar
- du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig
- det er krav om godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig og ta trygge avgjerder i enkeltsituasjonar
- lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- fokus på kvalitet i tenesta
- fleksibel og løysingsorientert i travle periodar
Vi tilbyr
- ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakaren
- interessante faglege utfordringar og høve til fagleg og personleg utvikling
- løn i samsvar med gjeldande avtalar
- gode pensjonsordningar gjennom KLP – det blir trekt 2 % av løna til pensjon
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3138be73-3c33-4455-86ce-a28ae3c2b4f8
- Sist endret
28. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10310461