Hopp til innhold

ID 2492 Sjukepleiarar/Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Er du sjukepleiar eller helsefagarbeidar og ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!

Helseteam 1 er ein del av Heimebaserte tenester i Stord kommune. Me jobbar aktivt med å nytte ressursane våre på ein best mogleg måte, med fokus på kompetanse og oppgåvedeling.

Me har ledig faste 100% stillingar for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:

  1. Langvaktsturnus med langvakter kvar 4. helg i årsturnus.

  2. Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar vil du vere ein del av eit team som gir gode og trygge tenester til brukarane våre, i tråd med vedtak og tildelte timar. Du møter brukar og pårørande med respekt og med fokus på <<Kva er viktig for deg?>>.

Me ser etter deg som:
  • Er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig

  • Er fagleg oppdatert og engasjert i kunnskapsbasert praksis

  • Har høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner

  • Kan arbeide sjølvstendig og målretta

  • Har gode kommunikasjonsevner

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar

  • Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Personar med erfaring frå eldreomsorg og som jobbar mot fagbrev, eller lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje på helsefagarbeidarstillingane

  • Førarkort klasse B

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me tilbyr:
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Engasjerte kollegaer med brei kompetanse

  • God opplæring og oppfølging

  • Eit arbeidsmiljø med fokus på ansvar og oppgåvedeling

  • Høgt fagleg nivå

  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste

  • Tilgang til Stord Ve og Vel med leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr

  • Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson for stillingen

Violeta Ivanauskiene

Avdelingsleiar

96 75 84 25

violeta.ivanauskiene@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9d30b9a7-c7b2-4a6f-b0c2-d24045bb883a

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

9d30b9a7-c7b2-4a6f-b0c2-d24045bb883a

Lignende annonser

Laster lignende annonser