Hopp til innhold

ID 2495 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Ein viktig del av dette arbeidet er å jobbe mot eige sjukepleiarteam i institusjonane våre. På sikt kan stillinga inngå i sjukepleiarteamet vårt.

Eining for institusjon har ledig faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar ved avd. Knausen/Kringsjå og korttidsavdelinga - Stord sjukeheim

Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.

Som Sjukepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Du vil få ta del i og ha ansvar for:

  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid

  • Tiltak, evaluering og dokumentering

  • Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta

  • Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.

  • Legemiddelhandsaming

  • Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.

  • Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga

  • Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver

Me vil vektlegga:

  • Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.

  • Brukarorientert tilnærming

  • Evne til å vera nyskapande i arbeidet

  • Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Politiattest:

    Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

    Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

    Me kan tilby:

    • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø.

    • Ein stor faggruppe med sjukepleiarar og vernepleiarar som samarbeidar under felles fagansvarleg sjukepleiar i eininga

    • Godt arbeidsmiljø

    • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

    • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

    • Offentleg tenestepensjon.

    Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

    Kontaktperson for stillingen

    Britt Nelly Hystad Barane

    Einingsleiar

    924 86 358

    britt.nelly.hystad.barane@stord.kommune.no

    Om bedriften

    Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f708e21d-eed4-4086-a27a-5613bbe62b63

    Sist endret

    30. oktober 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    f708e21d-eed4-4086-a27a-5613bbe62b63

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser