Hopp til innhold

ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester?

Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!

Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande.

Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum.

Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteam

Arbeidstidsordningar

Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:

Alternativ 1

• Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg i årsturnus

Alternativ 2

• Turnus dag og kveld med arbeid kvar 3. helg i årsturnus

Kvifor velge oss?

Hos oss får du:

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø

  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer

  • Moglegheit til å påverke eigen turnus

  • God opplæring og eigen fadder som følgjer deg opp

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell

Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv.

Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester.

Arbeidsoppgåver
  • Yte pleie og omsorg etter vedtak

  • Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar

  • Kartlegging, observasjon, vurdering og oppfølging av pasientar

  • Samhandle med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar

  • Bidra i utvikling av tenesta og fagleg kvalitetsarbeid

  • Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar

Me ser etter deg som:
  • Har høg arbeidskapasitet og arbeider strukturert og sjølvstendig

  • Er påliteleg og tek ansvar

  • Brenn for kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling

  • Kommuniserer godt med kollegaer, brukarar og pårørande

  • Har eit ekte engasjement for å arbeide med menneske

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper

Kvalifikasjonskrav
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere språkkompetanse på nivå B2

  • Førarkort klasse B

  • Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me tilbyr:
  • Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø

  • Fagleg utvikling og kompetanseheving

  • IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste

  • Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar

  • Offentleg tenestepensjon

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk

Me gler oss til å høyre frå deg!

Offentleg søkjarliste

Dersom søkjar ønskjer å verte unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktperson for stillingen

Anne Grete Vik

Avdelingsleiar

53 49 67 36

anne.grete.vik@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

726ff29d-29df-4075-b5c7-948815630abf

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

726ff29d-29df-4075-b5c7-948815630abf

Lignende annonser

Laster lignende annonser