Helsefagarbeidar 50% natt
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 50% natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. november
Om stillinga
Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.
Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre.
Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen.
Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:
- Vestbakken: lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering.
- Utsikten: somatisk avdeling og demensgruppe.
- Sørbakken: demensavdeling.
Alle avdelingane har i dag langtidsplassar.
Sjå gjerne på Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, med flotte bilete frå kvardagen hos oss.
Arbeidsoppgåver
- utføre faste tilsyn og observasjonar etter individuelle behov
- dokumentere hendingar og observasjonar i journalsystemet
- bidra til eit godt og trygt miljø for bebuarar og kollegaer
- samarbeide med kollegaer og anna fagpersonell ved behov
- følgje gjeldande rutinar og prosedyrar for tryggleik og kvalitet
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
- halde deg fagleg oppdatert
- vere initiativrik
- ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig
- ha evne til å setje fag, kvalitet og service i fokus
- bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar, som er framtidige kollegaer
- personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- 50 % fast stilling
- utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle
- faste fagdagar og fagmøte
- dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- moglegheit for vidareutdanning
- løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Espen Skråmestø
Avdelingsleiar administrasjon, Pleie og omsorg
+4799502629
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f0d656db-0521-478b-bb1d-e3c9a00f1616
- Sist endret
16. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10312841