Hopp til innhold

Helgestilling i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling i Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. november

Om stillinga

Vi søkjer ein ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helgestilling på 19,72 prosent.
Du arbeider kvar fjerde helg, med langvakter på 14 timar laurdag og søndag.

Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord
til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.

Eininga er kjent for eit godt arbeidsmiljø, velfungerande samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er
ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre gjennom personsentrert omsorg. 

Du skal få ei god opplæring, og me tek godt imot nytilsette.
Helgestillinga passar utmerket for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i
avdelinga. 

Skynd deg å søke om du har lyst til å være DEN heldige som får bli en del av det gode arbeidsmiljøet vårt! 


Arbeidsoppgåver

  • jobbar aktivt for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som
    mogleg
  • grunnleggjande pleie og omsorg, observasjon og tiltak som fremjar meistring og
    livskvalitet
  • dokumentasjon og rapportering
  • variert og fagleg spennande arbeid der brukarane har eit alderspenn frå 0 til 100+ år
  • tverrfagleg samarbeid med andre einingar i kommunen, som tenestekontor, psykisk
    helse, hjelpemiddellager, fysio-/ergoterapi, legekontor, sjukeheim etc
  • tett samarbeid med sjukepleiar
  • bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til brukarar og pårørande, slik at dei
    opplever tryggleik, kontinuitet og tillit til tenesta
  • delta i rettleiing og støtte av elevar, lærlingar og nytilsette
  • aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø
  • andre førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

  • søkjarar med helsefagleg utdanning vil bli prioritert
  • sertifikat klasse B
  • må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

  • er positiv, fleksibel og løysingsorientert, initiativrik og emosjonelt robust
  • har gode haldningar og verdiar som set brukarane i fokus
  • har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
  • er påliteleg og tek ansvar for vakter og oppgåver
  • er opptatt av fag, kvalitet og service
  • er raus og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og
    studentar (framtidige kollegaer)

Vi tilbyr

  • fast helgestilling på 19,72%
  • arbeid kvar fjerde helg, med 14 timers langvakter
  • årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid
  • me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga
  • fagleg og personleg utvikling
  • dyktige og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • sosiale arrangement
  • god offentleg pensjonsordning
  • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • kommunale bilar
  • lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Kontaktpersoner for stillingen

Espen S Skråmestø

Avdelingsleiar administrasjon pleie og omsorg

+4799502629

Espen.Skramesto@sveio.kommune.no

Eiren Børven

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4753748258

Eiren.Borven@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.


Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

87d36426-47ae-426c-b729-3c76171fe9f4

Sist endret

2. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10314693

Lignende annonser

Laster lignende annonser