Hopp til innhold

100 % fast stilling som aktivitør/miljøterapeut/helsefagarbeidar - Dagaktivitetstilbodet i Ål kommune

Arbeidsgiver

Ål kommune Avdeling Meistring

Sted

Helsetunvegen 5, 3570 Ål

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Dagaktivitetstilbod er ein del av det kommunale omsorgstilbodet.

Tilbodet ligg i dag under avdeling Meistring. Tilbodet er todelt og inneheld Dagsenter for personar med demens og Dagsenter ergoterapi.

Tilbodet er for heimebuande eldre.

Formålet med tilbodet er å gje den enkelte tenestemottakar ein meiningsfull kvardag, førebyggje einsemd og betre og vedlikehalde funksjonsevna. 

I tillegg vil dagaktivitetstilbodet kunne innebere avlastning og støtte til pårørande. 

Dagtilbodet skal: 

  • Vere basert på aktivitetar der ein får stimulering til å bruke sine ressursar samt 
  • møte respekt for sine behov og interesser. 

  • Ha fokus på funksjonsbevarande tiltak. Dette med mål om å førebyggje fall, bidra til at den heimebuande meistrar daglege aktivitetar utan bistand eller med bistand på eit lågast mogeleg omsorgsnivå.
  • Legge til rette for aktivitetar som stimulerer til meistring, positive opplevingar og auka livskvalitet.
  • Vere ei avlasting for dei næraste som har omsorgsoppgåver i forhold til personar med demens, slik at dei står lenger i ein krevjande omsorgssituasjon.
  •  Arbeidsoppgåver

    • Miljøarbeid
    • Kartlegge behov, planlegge og gjennomføre tilpassa dagtilbod for personar med demens.
    • Tilrettelegge for at brukarar av dagsenteret opplever personsentrert omsorg, med meiningsfull aktivitet som skal gi meistring, ivareta ressursar og behov, samt sosial kontakt med andre.
    • Bistå brukarane med deira grunnleggjande behov.
    • Tilsette har regelmessig kontakt med pårørande og samarbeidande tenester i kommunen.
    • Medverke til eit helsefremmande og inkluderande arbeidsmiljø.

     Kvalifikasjonar

    • Erfaring og kompetanse innanfor demens.
    • Ha god kunnskap om miljøterapeutisk arbeid på individ, gruppe og systemnivå. 
    • Interesse for fagutvikling og kvalitet.
    • Inneha god digital kompetanse.
    • Særleg god munnleg og skriftleg framstillingsevne, norsk skriftleg og munnleg nivå C1, gjennom heile tilsettinga.
    • Gyldig politiattest må leggjast fram.

     Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner.
    • Endringsvillig og løysingsorientert.
    • Engasjert, ansvarsfull og sjølvstendig.
    Personleg eignaheit blir vektlagt.

     Me tilbyr

    • Ein spennande og givande jobb med stor moglegheit for å påverke tenesta og eigen arbeidskvardag.
    • Ein arbeidsplass med fagleg engasjement og godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
    • Moglegheit for fagleg utvikling.
    • Dagstilling, men arbeid på kveld og helg kan bli aktuelt på sikt.
    • Gode lønns - forsikrings- og pensjonsforhold.

      Søknad og politiattest:

    • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
    • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
    • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
    • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
    Flytte til Ål?

    Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

    Flytt til Ål! - Ål kommune

    Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

    Velkomen som søkjar! 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Live Magnetun

    +47 97198159

    live.magnetun@aal.kommune.no

    Om bedriften

    Avdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester det brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist i frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    14d699dd-df39-4270-bf18-542dc3d777f3

    Sist endret

    8. juli 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3644461_211221_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser