Hopp til innhold

Ergoterapeut - vikariat i 50 % stilling

Arbeidsgiver

Ål kommune Avdeling Meistring

Sted

Helsetunvegen 5, 3570 Ål

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Ål kommune søkjer fagleg engasjert ergoterapeut i eit vikariat i 50 % stilling frå 1. oktober 2026 - 31.07.27.  

Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 3 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø, eit aktivt fagmiljø og breitt samarbeid med andre faginstansar. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. 

 Arbeidsområde: 

  • Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste. 
  • Førebygging, behandling  og rehabilitering i og utanfor institusjon. 
  • Hjelpemiddelformidling og oppfølging. 
  • Vere med å finne fram til og ta i bruk velferdsteknologiske løysingar/e-helse. 

 Kvalifikasjonar: 

  • Offentleg godkjend ergoterapeut.
  • Gjerne erfaring frå offentleg praksis.
  • Førarkort klasse B er ein fordel.

 Personlege eigenskapar: 

  • Interesse og engasjement for faget.
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevne.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Positiv innstilling til brukarar og kollegaer.

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på ved tilsetting. 

 Me kan tilby:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Lønn etter gjeldande avtalar.

Me gler oss til å få deg med på laget!

Søknad og politiattest:
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Flytte til Ål?

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar! 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Live Magnetun

+47 97198159

live.magnetun@aal.kommune.no

Om bedriften

Avdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester det brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist i frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1b7bada8-45df-4a5a-a206-d1b6c1a18d65

Sist endret

31. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3644503_211221_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser