Stipendiat i marin biogeokjemi
Universitetet i Bergen
Allegaten 70, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i marin biogeokjemi
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i marin biogeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.-stillinga er knytt til Polhavet 2050, ei stor nasjonal tiårs-satsing som skal styrkje forståinga av dagens tilstand og framtidig utvikling i Polhavet. Programmet samlar 18 norske partnarar og integrerer tverrfagleg feltarbeid, innovasjon og avansert hav- og klimamodellering. Sentrale aktivitetar omfattar fleire forskingstokt og omfattande samarbeid på tvers av institusjonar.
Den som blir tilsett, skal undersøkje korleis klimaendringar påverkar kor effektivt Polhavet tar opp og lagrar menneskeskapt karbon. Prosjektet vil kombinere feltmålingar – som biogeokjemiske observasjonar og transiente sporstoff – med resultat frå avanserte numeriske modellar. Ph.d.-kandidaten vil studere både dagens og framtidig karbonlagring i Polhavet og undersøkje korleis endringar i havsirkulasjon og blanding, særleg som følgje av tilbakegang i havis, påverkar havet si evne til å ta opp og halde på karbon.
Stillinga er ein svært god moglegheit for kandidatar med interesse for klimaforsking, oseanografi, biogeokjemi og jordsystemprosessar, som ønskjer å bidra til betre forståing av eit av dei havområda i verda som endrar seg raskast. Ph.d.-kandidaten er forventa å delta på eit forskingstokt til Polhavet med oppstart i slutten av juli 2026, og å ta aktivt del i prosjektaktivitetar – inkludert møter, forskingsskular, formidlingsarbeid og samarbeid i det breiare Polhavet 2050-nettverket. Kandidaten vil òg bli ein del av Bjerknessenteret for klimaforsking, Noregs leiande fagmiljø innan klimaforsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i marin biogeokjemi, oseanografi eller andre relevante fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Solid forståing av oseanografiske prosessar frå stor skala til regional skala, inkludert prosessar som påverkar fordelinga av biogeokjemiske sporstoff (t.d. karbon, næringssalt, oksygen) eller transiente sporstoff som CFC‑12 og SF6, er eit krav.
- Gode ferdigheiter i MATLAB eller Python er eit krav.
- Søkjarar må kunne delta på eit nær to månader langt tokt i Polhavet med oppstart i slutten av juli 2026.
- Erfaring med tokt og prøvetaking er ein fordel.
- Erfaring med laboratoriemålingar og kvalitetssikring av biogeokjemiske variable eller transiente sporstoff er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Are Olsen, Geofysisk institutt, are.olsen@uib.no, telefon +47 55584781.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther, Asbjorn.Sather@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1474934b-bfd6-49a3-83b8-85f53b70ea44
- Sist endret
14. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277304
Lignende annonser
Stipendiat i i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen