Ph.d.-stipendiat i arktisk paleoseanografi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen, Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ph.d.-stipendiat i arktisk paleoseanografi
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i arktisk paleoseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ishavet endrar seg raskt og går frå å vere “kvitt” til “blått” på grunn av smeltande havis. Det er venta at Arktis vil vere isfritt om sommaren innan 2050. Sjølv om endringar i det arktiske havisdekket i hovudsak blir drivne av aukande drivhusgassar i atmosfæren, spelar òg Vestspitsbergstrømmen ei viktig rolle. I dag fører denne straumen varmt og salt vatn inn i Polhavet, men vi veit framleis svært lite om historia til denne straumen og samspel mellom hav og is i tidlegare varmeperiodar.
Som ph.d.-kandidat er målet ditt å utvikle ny innsikt i korleis atlantisk vassinnstrøyming til Arktis har variert, og korleis dette har påverka havisdekket i tidlegare varmeperiodar (t.d. interglasialane i marin isotopstadium 5, 11, 19, 31, samt pliocen). Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å produsere paleoseanografiske data frå dei nordiske hav, Framstredet og Polhavet for eitt eller fleire interglasialer. Du vil hovudsakleg bruke marin palynologi (dinoflagellatcystar) for å rekonstruere atlantisk vassinnstrøyming og utviklinga av havis. Ein del av laboratoriearbeidet vil bli utført ved Universitetet i Gent (Belgia). Det kan òg bli moglegheit for å arbeide med geokjemi (stabile isotopar frå foraminiferar) ved Universitetet i Bergen.
Dette prosjektet er knytt til ERC Synergy Grant i2B Into the Blue (www.in2blue.eu) og vil òg vere relevant for forskinga som er planlagd innan Polhavet 2050.
Som ph.d.-kandidat ved Institutt for geovitskap, vil du òg vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største klimaforskingssenteret i Norden og eit av dei leiande sentera i Europa.
Hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet er Stijn De Schepper (Universitetet i Bergen). Medrettleiarar er Ulysses Ninnemann (Universitetet i Bergen), Sina Longman (UiT Norges Arktiske Universitet) og Stephen Louwye (Universiteit Gent, Belgia).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, (marin) biologi, eller relatert fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.06.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kompetanse innan paleoseanografi og/eller paleoklima er eit krav.
- Kompetanse innan palynologi og mikroskopi er ein stor fordel.
- Erfaring frå laboratoriearbeid er ein fordel.
- Erfaring frå statistisk analyse er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar.
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg ti førsteamanuensis Stijn De Schepper, Institutt for geovitenskap, e-post: stijn.deschepper@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, email: Mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db8c7a71-b055-4bd1-a45c-f89808e118eb
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10280927
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen, Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen