Hopp til innhold

Seniorkonsulent (vikariat) i studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgate 13, 5015 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent (vikariat) i studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorkonsulent 

Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat i 100 % stilling knytt til studieadministrative arbeidsoppgåver, med tilsetjing snarast mogleg. Vikariatet har ei varigheit på 12 månader. Stillinga høyrar til studieseksjonen ved fakultetet og har sin arbeidsplass i Christies gate 12.


Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
  • Rettleiing, sakshandsaming og kvalitetsarbeid knytt studieseksjonen sitt ansvarsområde
  • Inngå i fakultetet sin førstelineteneste, som inneber å: 
    • Organisere og drifte mentorordninga ved fakultetet, som betyr å rekruttere, gjennomføre opplæringa, samt følgja opp mentorane undervegs i tilsetjingsperioden
    • delta i planlegging og koordinering av mottak for nye studentar 

Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må ha:

  • minimum bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.
  • god administrativ IT-kompetanse. 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk (begge målføre) og engelsk.

Det er ein føremon om du har:

  • god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning. 
  • erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentleg forvaltning.
  • kjennskap til Felles Studentsystem (FS), Inspera og andre digitale verktøy.

 

Personlege eigenskapar:

Du er

  • sjølvstendig og strukturert
  • fleksibel og serviceinnstilt
  • systematisk, initiativrik og løysingsorientert

og har

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt


    Vi kan tilby:

    • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
    • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr 586 100  - 620 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
    • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
    • Gode velferdsordningar

    Søknaden må innehalde:

    • Søknadsbrev med utgreeing av bakgrunn og motivasjon for å søke stillinga
    • CV
    • Karakterutskrift og vitnemål
    • Relevante attestar
    • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

    Generell informasjon:

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • fungerande seksjonsleiar i studieseksjonen, Hege Sygna, hege.sygna@uib.no 
  • Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.  

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


    Om bedriften

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    13ba59c2-0223-48ac-ae00-87ef1b4aee0a

    Sist endret

    15. desember 2025

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10271782

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser