Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Aurland kommune
Lunden, 5743 Flåm, Skulevegen 9, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar og pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Har du lyst til å bidra til eit godt oppvekstmiljø?
Me har ledig tre 100% faste stillingar frå komande barnehageår:
- barnehagelærar i Aurland barnehage
- pedagogisk leiar i Flåm barnehage
- barnehagelærar i Flåm barnehage
Flåm barnehage ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. I denne barnehagen er to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.
Aurland barnehage var ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 51 barn.
Aurland kommune søker etter engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse. Me vil at barna våre skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne i barnehagen.
I barnehagen bør barna få ulike opplevingar og utfordringar, samt at dei føler meistring. Kan du bidra til dette, og ynskjer det beste for barna, då vil me gjerne ha deg med på laget.
Rekrutteringstilskot
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som barnehagelærar.
Sletting av studiegjeld?
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommuneArbeids- og ansvarsområde
Stillingane har litt ulike arbeidsoppgåver som du ser under.
Barnehagelærar:
- delansvar for barnehagefaget
- kan få ansvar for faglege oppgåver
- ha eit medansvar for endringar og utviklingsarbeid
- halde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldane lover og forskrifter
Pedagogisk leiar:
- ha ansvar for dagleg drift og planlegging av aktivitetar
- ha medansvar for endringar og utviklingsarbeid
- vere ein del av det pedagogiske teamet
- gi omsorg og trygge rammer til barna i samarbeid med resten av personalet
- vere ein god leiar og vere med å styrke det faglige miljøet i barnehagen
- ha ei aktiv rolle i planlegging, gjennomføring og evaluering av barnehagen som ei pedagogisk verksemd
- kommunisere og samarbeide med foreldre og føresatte
- halde deg fagleg oppdatert og utføre arbeidet etter rammeplan, årsplan, samt gjeldande lover og forskrifter
- bidra til, og ta ansvar for, eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- godkjent utdanning som barnehagelærar / førskulelærar
- anna tre-årig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk
- Studentar vert oppmoda om å søke
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- pedagogisk leiar får kr 40 000 i auka grunnløn
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet
- god ordning for etter- og vidareutdanning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- frist til å søke barnehageplass for neste barnehageår er 15. mars. For meir informasjon fyl lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Personlege eigenskapar
Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:
- er ein engasjert pedagog
- er løysingsorientert
- vil bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og endringsvillig
- har evne til å rettleie
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato må vere levert, og vurdert, før du kan byrje i stillinga
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
13524c7c-a350-48df-b38b-33abf7cf5ba8
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10283215
Lignende annonser
Barnehagelærar og pedagogisk leiar for barnehagar i Stryn kommune
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Pedagogisk leder
Arbeidsgiver
Langerinden barnehage, Bergen kommune
Sted
Flaktveit
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Hestavoll barnehage
Sted
Odda