Hopp til innhold

Politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Alle`Helgens gt. 2-4, 5018 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
PEL FEE seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrudd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking(FEE) seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrot er det ledig ei eller fleire faste og mellombelse stillinger som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL). Seksjonen har som hovudfunksjon å leia etterforsking av dei grovaste vald og seksuallovbrudds-sakene i Vest politidistrikt.

Seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrot består av to avsnitt; avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn og avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot. Stillingane er stadsplasserte i Bergen.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggja og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald gjev betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. 


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir
kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser
respekt og er tett på. 


Arbeidsoppgåver

  • Saksansvar og politifagleg etterforskingsleiing i tildelte saker
  • Planlegge og prioritere etterforskingsskritt saman med påtaleansvarleg i
    tråd med hypoteser og bevistema
  • Benytte lndicia som arbeidsverktøy i saker og i arbeid opp mot andre prosjekt som til dømes
    vurderingsgruppe/tiltaksgruppe (NCMEC)
  • Medverka til god kvalitet og resultatoppnåelse i eigne saker
  • Medverka til at relevant spesialkompetanse blir kopla på
    etterforskinga ved behov
  • Utnytte tildelte ressursar i teamet effektivt
  • Yte fagleg rettleiing og medverka til systematisk
    erfaringslæring og utvikling av god praksis innan fagområdet
  • Leie E-KO (etterforskings-ko) i  saker vurdert etter gjeldande beredskapsplanverk
  • Politifagleg etterforskingsleiar inngår i helgeturnus ved Felles
    straffesaksinntak
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Krav om politiskule/politihøgskule
  • Tilfredstille kompetansekrava for pb 3 og ha arbeidd innan etterforskning i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor eller
    mastergrad kan heile eller delar av kompetansekravet fråvikast
  • Brei erfaring fra etterforsking
  • Erfaring med etterforsking av komplekse straffesaker
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn på
    Internett
  • Erfaring med straffesaker som inneheld direkteoverførte
    bestillingsovergrep (DOBO) og Strl. § 311 
  • Erfaring med etterforsking av grove vald, eller drapssaker
  • Erfaring med veiledning og tilbakemelding
  • Kjennskap til og/eller erfaring med gjennomgang av digitale
    spor
  • Kjennskap til og/eller erfaring med tilrettelagte avhøyr
  • Kjennskap til og/eller erfaring med skjulte
    etterforskingsmetodar 
  • Kjennskap til og/eller erfaring frå etterretning og innhentingsfaget 

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å motivere
    medarbeidarane, setje retning, drive endring og bidra til god
    verksemdsutvikling
  • Mål- og resultatorientert med evne til å prioritere, ta avgjerder og ha gjennomføringsevne
  • Strukturert, profesjonell og kunne vise til stor grad av notoritet, kontroll og nøyaktigheit
  • Vere fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, bidrar aktivt til eit positivt, inkluderande arbeidsmiljø og byggje gode relasjonar internt og eksternt
  • Er ein trygg rettleiar som bidreg til fagleg utvikling i eininga og i distriktet
  • Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå
    eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

 


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287) med årslønn frå kr 840.000,- per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 
  • Gode arbeidsvilkår 
  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg og operasjonssentralen og dei funksjonelle driftseiningane i politidistriktet.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

13059ad8-fa7f-4fbf-96be-48f2ab043e27

Sist endret

15. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10279831

Lignende annonser

Laster lignende annonser