Inndragingsspesialist /spesialetterforskar
Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Inndragingsspesialist /spesialetterforskar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Om stillinga
I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidslivskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist, SKO 1552. Ved intern rekruttering til funksjon som inndragingsspesialist, vil det bli ledig fast stilling som spesialetterforskar.
Rolla som inndragingsspesialist er ein del av ei nasjonal satsing, og du vil bli sentral i politidistriktet sin innsats med å inndra utbytte frå kriminalitet. Du vil bidra til å bygge ein betre inndragingskultur i Vest politidistrikt og jobbe for eit overordna mål om at kriminalitet ikkje skal løne seg. Du vil samarbeide tett med politidistriktet sin inndragingsjurist og inndragings- og fagforvaltningseininga i Økokrim. I tillegg til rolla som inndragingsspesialist vil du bidra i etterforsking av økonomisk kriminalitet og annan profittmotivert kriminalitet i politidistriktet. Det er forventa at du også bidreg i etterretningsarbeidet ved systematisk innhenting for å styrke kunnskapsgrunnlaget innan fagfeltet.
Økonomisk kriminalitet undergrev viktige strukturar i samfunnet, og hovudoppgåva til avsnittet er etterforsking av økonomisk kriminalitet. Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebygge, hindre og kjempe mot kriminalitet, og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebygge og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Vi trur at mangfaldbidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardag, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å bekjempe profittmotivert kriminalitet og som ønskjer å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som spesialetterforskar vil dine arbeidsoppgåver vere:- Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan økonomisk kriminalitet, samt i andre saker som er lagde til avsnittet og seksjonen
- Ansvar for etterforsking og fremdrift i egne straffesaker
- Bistå i etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar, både ved økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar innan andre fagfelt
- Pårekna bistand til påtalemakta i retten
- Gje råd og rettleiing i spørsmål og oppgåver knytta til inndraging og sikring av verdiar
- Drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarar i heile politidistriktet innanfor
fagområdet - Medverke til generell kompetanseheving i distriktet gjennom ulike opplærings-og vedlikehaldsprogram,
i samråd med fag-og opplæringsansvarleg (FOA) - Halde deg oppdatert på kriminalitetsbildet i distriktet og bidra aktivt i arbeidet med inndragning
- Utvikle metodar og rutinar knyttet til inndraging og sikring av verdiar
- Samarbeide med relevante aktørar, til dømes Økokrim.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å være kvalifisert:
- Utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarende, innan relevant
fagfelt. Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning - Minimum 3 års relevant yrkeserfaring
- Gode IT og systemkunnskapar med evne til å ta i bruk relevant verktøy som t.d Excel
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk
- Arbeidserfaring frå politi eller anna offentleg/privat kontroll/tilsynsverksemd
- Kunnskap om inndraging og sikring av verdiar
Det er også ønskjeleg med:
- Utdanning på masternivå innan økonomi, jus eller etterforsking/utdanning innan økonomi, jus eller etterforsking
- Erfaring frå etterforsking av straffesaker med inndraging og sikring av verdiar
- Erfaring frå opplæring og undervisning
- Relevante kurs/etterutdanning - t.d. inndraging og pengespor frå PHS eller
veiledningspedagogikk
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Strukturert og analytisk
- Ha evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag
- Evne til å bygge relasjonar, vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
- Høg grad av sjølvstendigheit og gjennomføringsevne
Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga lønnes som spesialetterforskar med funksjon som inndragningsspesialist stillingskode 1552 med årslønn frå kr 760.000,- brutto per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast jf. Lønnspolitisk handlingsplan for Vest politidistrikt. Kompensasjon for uregulert arbeidstid (ATB) på kr 44.708,- pr.år kjem i tillegg. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger. Les mer her.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode arbeidsbetingelser (fleksibel arbeidstid, moglegheit for trening i arbeidstida, o.l )
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller opphald i CV-en, er det høve for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Martin Fosse
Avsnittsleiar
+4747691036
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e2bdc73d-c08e-459a-bf56-8a3c9557c720
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290754