Hopp til innhold

JURIST MED DELT ANSVAR FOR BERGEN-ND SENTER OG ÅLESUND FENGSEL

Arbeidsgiver

ND-senteret

Sted

Allehelgensgate 2a, 5016 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
JURIST MED DELT ANSVAR FOR BERGEN-ND SENTER OG ÅLESUND FENGSEL
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Om stillinga 

 

Vi søker ein fagleg sterk og engasjert jurist til ei spanande og variert stilling med delt ansvar mellom Bergen ND-senter og Ålesund fengsel. Arbeidsstaden vil være ved Bergen ND-senter, Allehelgens gate 2. Det må påreknast noko reiseverksemd til Ålesund.

 

 

 

Stillinga gir ein unik moglegheit til å arbeide i skjæringspunktet mellom strafferett, rehabilitering og forvaltningsrett, med eit særlig fokus på tverrfagleg samarbeid og oppfølging av domfelte/innsette. Du som søker denne stillinga må like å jobbe med mennesker i sårbare situasjonar. Stillinga inneber mykje kontakt med domfelte/innsette. 


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Ved Bergen ND-senter: 
  • Forberede saker til og representere Kriminalomsorga i ulike rettsmøter; mellom anna startmøter, statusmøter, faseovergangar, omgjeringssaker og ankebehandling. 
  • Juridisk saksbehandling og rettleiing.
  • Pårekne å vitne i straffesaker.
  • Noko opplæring-, rådgivning- og informasjonsverksemd.
  • Deltaking i ND-senteret sine andre oppgåver og drift, mellom anna bistand i arbeidet med personundersøkingar og samtalar/kontrolloppgåver med domfelte.

     

  • Ved Ålesund fengsel: 
  • Behandling av saker etter straffegjennomføringslova.
  • Vurdering av permisjonar, prøvelauslating og andre rettigheiter.
  • Klagebehandling og saksførebuing. 
  • Sikre forsvarleg og korrekt saksbehandling i tråd med gjeldande regelverk.
  • Dialog med innsette, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Juridisk rettleiing.

Den som vert tilsett må rekne endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • Minimum 3 års relevant erfaring
  • God muntleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk 

     

Det er ønskeleg at du har
  • Erfaring fra offentlig forvaltning
  • Erfaring fra kriminalomsorga eller straffesakskjeden
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer og/eller kjennskap til kriminalomsorga IKT systemer og verktøy
  • Erfaring med å førebu, samt føre saker for retten
  • Erfaring frå arbeid med personar med rusavhengigheit eller sammensette problem vil bli vektlagt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe i tverrfaglege team
  • Du har god evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
  • Du har god orden og oversikt over sak og fristar
  • Du er fleksibel

Vi tilbyr:

  • Meningsfulle oppgåver i en etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Gode kontorfasilitetar midt i Bergen sentrum
  • Mogligheit for trening i arbeidstida
  • Eige cellekontor
  • God kantineordning 
  • Fleksibel arbeidstid med moligheit for heimekontor 
  • Stillingen vert lønna som rådgivar frå kr. 740.000 – 800.000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei endå betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av disse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkerportalen vår. Du kan lese meor om krava for å bli vurdert som søkar i disse gruppene her.

Vi gjør merksam på at det må ikkje være noko å utsette på vandelen til den som vert tilsett. Dette må den som vert tilsett dokumentere med uttømande politiattest før tilsetting. 

Etter søknadsfristens utløp, vil det verte utarbeid  offentleg søkarliste. Ber du om å bli unnateken frå denne lista, må det grunngivast i søknadsportalen, og du vil få ei tilbakemelding på dette. Dersom ønsket ikkje kan imøtekommast, vil du få moglegheit til å trekke søknaden.

Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemt om arbeidsområdet. 

Ta gjerne kontakt med Vibeke N. Dieseth, leiar ved senteret, på telefon 90 99 62 65 og Didrik Gulbrandsen, fungerande leiar ved Ålesund fengsel, på tlf. 70118340, dersom du ønsker fleire opplysningar om stillingen. 

 

Søknad og CV sendes elektronisk via linken "Søk stillingen" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attester må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktes på 75 54 22 20. 
 


På innsiden av den norske utsiden

I filmen får du et innblikk i vår arbeidshverdag. Du får se hvordan vi jobber for en straff som endrer. 

Video: https://youtu.be/J_Mr1Ibf4uM

Om bedriften

Kriminalomsorgas samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er betryggande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve eit kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon. Les mer om vår virksomhetsstrategi her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgas høgskole og utdanningssenter (KRUS) og fem regionar med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll.

Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen.

 

Betinga dom på vilkår av gjennomføring av Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) er eit alternativ til fengsel for rusavhengige som vert dømt for kriminalitet knytt til rusavhengigheit. Målsetjinga er å førebyggje ny kriminalitet, fremje domfelte si rehabilitering, samt styrkje og samordne dei praktiske hjelpe- og behandlingstilboda. Ordninga er eit forpliktande samarbeid mellom ulike etatar, og ND-teamet er tverretatleg og tverrfagleg samansett. ND-teamet har sin arbeidsplass på ND-senteret i Rosenkrantzgate 3. ND-teamet i Bergen har ansvar for straffegjennomføring av ND-dommar i heile Hordaland.

Ålesund fengsel er eit høgrisikofengsel med plass til 27 domfelte. Det ligg sentralt i sentrum av Ålesund. Du kan lese meir om fengselet her: https://www.kriminalomsorgen.no/aalesund-fengsel.5056879-237612.html

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7f613b0c-3ac8-422e-af6b-753f92341308

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289800

Lignende annonser

Laster lignende annonser