Hopp til innhold

Barnehagelærar - vikariat

Arbeidsgiver

Ringstad barnehage, Stranda kommune

Sted

Hevsdalsvegen 44, 6200 Stranda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ringstad barnehage er ein kommunal barnehage som ligg like ved Stranda ungdomsskule, idrettshallen og Stranda v.g.skule.

 

Barnehagen har i dag 60 plassar, for tida fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar.

Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass som blir mykje nytta, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.

Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.

Frå 01.03.2026 - 03.07.2026 har vi ledig  vikariat i 100% stilling som barnehagelærar, vikariatet kan bli forlenga. 

    Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

    Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

    Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.  

    Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.  


    Kvalifikasjonar

    Godkjend utdanning som barnehagelærar

    Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

    Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning eller ved internt opprykk kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte 

    Personlege eigenskapar

    Gode samarbeidsevner, sjølvstendig og fleksibel

    Evne til å kommunisere, rettleie og motivere

    Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

    Vi tilbyr

    Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer 

    Kontaktinformasjon

    Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrar, 46411844, hilde.brekke@stranda.kommune.no
    Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130, sushel@stranda.kommune.no

    Arbeidsstad

    Hevsdalsvegen 44
    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5073902527
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.03.2026
    Sluttdato: 03.07.2026
    Søknadsfrist: 12.02.2026

    Om bedriften

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    11aae900-e933-473b-a0f2-e405c2913af6

    Sist endret

    13. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    3a927484a3c7471b96d532bd14121659

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser