Hopp til innhold

Lærar i Fjord kommune 

Arbeidsgiver

Oppvekst og kultur Fjord kommune

Sted

Langereiten 23, 6215 Eidsdal, Skulebrauta 48, 6210 Valldal, Stordalsvegen 669, 6250 Stordal

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i Fjord kommune
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Fjord kommune har fleire ledige stillingar som lærar ved Eidsdal, Valldal og Stordal skuleDet er og ledig fagarbeidarstilling på Valldal skule.

Valldal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Fjord kommune si Vaksenopplæring er lagt til skulen. Vi ligg lokalisert i Syltemoa, tett under Syltefjellet, i Valldal sentrum. Skulen har rundt 115 elevar som kjem frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Det er gode fasilitetar både inne og ute. Skulen vert leia av rektor, inspektør og ein i merkantil drift skule og SFO. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn.

Eidsdal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Vi ligg lokalisert ca. 1 km frå Eidsdal fergekai. Skulen har rundt 50 elevar som kjem frå bygdene Eidsdal og Norddal. Det er gode fasilitetar både inne og ute. Skulen vert leia av rektor og inspektør. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn. 

 Stordal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Skulen er lokalisert på Kirkebø, ved Stordalshallen og Kirkebø stadion. Vi har gode fasilitetar både ute og inne. Skulen har om lag 80 elever som kjem frå bygdene Dyrkorn og Stordal. Skulen vert leia av rektor og inspektør. I tillegg har vi teamleiarar for småskulen, mellomsteget og ungdomssteget.

  • Behov Valldal skule: 
    • Inntil fire (4) årsvikariat der den eine stillinga heilt eller delvis vil vere knytt til vaksenopplæringa
    • Ei 100 % fagarbeidarstilling
  • Behov Eidsdal skule
    • Ei 100 % fast stilling
    • Inntil 100 % årsvikariat

Eidsdal skule har behov for grunnskulelærar 1 – 7 og lærar med tyskkompetanse

  •  Behov Stordal skule
    • Inntil 100 % årsvikariat
  • Oppstart frå 01. august og årsvikariata varar frå 01.08.2025 - 31.07.2026

    Merk gjerne i søknaden din kvar du ønskjer å arbeide og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


    Arbeidsoppgåver

    • Undervisning på 1 - 10 årssteg
    • Kontinuerleg oppfølging av elevane si læring
    • Systematisk utvikling av eiga undervisning
    • Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
    • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

      Kvalifikasjonar

      • Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 og/eller 5-10
      • Barne- og ungdomsarbeidar - fagarbeidarstillinga på Valldal skule
      • Digital kompetanse 
      • Fjord kommune har nynorsk som målform.
      • Skulen har behov for kandidatar med brei undervisningskompetanse 
      • Personleg eignaheit vert vektlagt

        Personlege eigenskapar

        • Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
        • Set elevane si læring og trivsel i sentrum
        • Har evne til å motivere og engasjere
        • Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig

        Vi tilbyr

        • Lønn i samsvar med garantilønn for HTA i KS 
        • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
        • Gode pensjons- og forsikringsordning
          • Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

        Kontaktinformasjon

        Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, 41867841
        Marianne Nakken, Rektor Stordal, 41867871
        Tor Petersen, Rektor Eidsdal skule, 41867861

        Arbeidsstad

        Skulebrauta 48
        6210 Valldal

        Nøkkelinformasjon:

        Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

        Referansenr.: 5089204159
        Stillingsprosent: 100%
        Vikar, Fast
        Startdato: 01.08.2026
        Sluttdato: 31.07.2027
        Søknadsfrist: 16.03.2026

        Kontaktpersoner for stillingen

        Tor Petersen

        Rektor Eidsdal skule

        41867861

        Marianne Nakken

        Rektor Stordal

        41867871

        Hans Øyvind Lyshaug

        Rektor Valldal skule

        41867841

        Om bedriften

        Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

        Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

        Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

        Sektor

        Offentlig

        Del annonsen

        Annonsedata

        Rapporter annonse
        Stillingsnummer

        eb395635-f449-4114-904e-edf1dee155fb

        Sist endret

        2. mars 2026

        Hentet fra

        talentech

        Referanse

        73fe9a2b7dac4d979491fc3da50a56a3

        Lignende annonser

        Barnehagelærar, Pedagogisk leiar

        Arbeidsgiver

        Oppvekst og kulturetaten

        Sted

        Ulsteinvik