Hopp til innhold

Lærar Eidet skule (årsvikariat)

Arbeidsgiver

Eidet skule, Haram kommune

Sted

Vatnevegen 41, 6265 Vatne

Om jobben

Stillingstittel
Lærar Eidet skule (årsvikariat)
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule i Haram kommune? Vi søkjer etter ein lærar til 100% vikariatstilling skuleåret 2026-2027. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. 

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og leie elevane si læring
  • Kontaktlæraroppgåver kan verte aktuelt
  • Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
  • Samarbeide godt med andre faginstansar
  • Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
  • Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
  • Stillinga og arbeidsoppgåvene vil vere på småtrinn og/eller mellomtrinn, alt etter skulen sitt samla behov og kompetansen til søkjarar. Oppgje kva som er aktuelt/ønskjeleg i søknaden.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
  • Det er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fag
  • Kompetanse i eitt eller fleire av dei grunnleggjande faga norsk og matematikk
  • Erfaring med arbeid som kontaktlærar tel positivt
  • Ha gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
  • God digital kompetanse
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn 
  • er god på å byggje relasjonar
  • likar å samarbeide tett med kollegaer
  • er strukturert og løysingsorientert
  • er raus og inkluderande
  • er ein lagspelar som deler eigen kompetanse
  • har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
  • Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt
    skulemiljø
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Vatnevegen 41
6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5102535919
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ole André Lukkedal

Rektor

48112398

ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bbfddd1e-88e3-4142-a28b-64a3f988234f

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

52acbf4253654112a8e7f88d379f5d74

Lignende annonser

Laster lignende annonser