Hopp til innhold

Maskinsjef Åfarnes-Sølsnes, B-ruta

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6456 Skåla

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef pt. Sølsnes-Åfarnes, MF Eresfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Vi ser etter ein maskinsjef til B-ruta i sambandet Åfarnes - Sølsnes, pt MF. Eresfjord. Ønsker du å ha ei nøkkelrolle i utførelsen av eit samfunnskritisk oppdrag? 

Fjord1 si moderne el-ferge MF Eresfjord har ruteproduksjon berre på dagtid, noko som gjer henne til ein svært attraktiv og familievenleg arbeidsplass - både for deg som bur lokalt, og for deg som bur andre stader i landet. Ettersom skiftplanen kun består av dagvakter, ligger det til rette for god søvn på nattestid. Bur du i nærleiken kan du dra heim på kvelden. 

Turnusen består av kun dagvakter med 2 veker på, 2 veker av. I sommerperioden blir turnusen endra til 3 på 3 av for å tilrettelegge for å gi ekstra lange friperiodar. Ruteproduksjonen er høg, noko som gjenspeilast i gode lønnsbetingelser. 

Eresfjord har kostordning og får mat levert om bord.

Kvifor bør du søke?
  • Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjete kollegaer
  • Fleksibel skiftordning med fri halve året
  • Ein jobb der du får tenke løsningsorientert og operativt, og ha mykje ansvar tilknytta verkstadsopphald

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
  • Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Kvalifikasjonar

  • M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE e-læring
  • Gyldig helseerklæring
Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Som maskinist på ferje er det viktig at du trivst med å arbeide tett saman med andre over tid, og at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med ei positiv innstilling. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både med kollegaer og passasjerar, og har ei serviceinnstilt haldning i møte med våre passasjerar. Samtidig er du fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og varierte arbeidsoppgåver på ein smidig måte.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Attraktiv skiftordning: 2 veker på og 2 veker av. Kun dagvakter.
  • Mogleg å bu om bord. 
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent rederi
  • Gode velferdsordningar– Moglegheit til å leige hytter og leilegheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og i tillegg til ulike rabattordningar for tilsette. 

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

Arbeidsstad


6456 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5084431238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jonas Hovland

Rekrutteringsrådgiver

+47 90210232

jonas.hovland@fjord1.no

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

110c66d4-ed93-414b-b9cd-2e1bd0c56fce

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2ae0c3e447e44f4fb8acd1712f797282

Lignende annonser

Maskinsjef Åfarnes-Sølsnes, B-ruta - arbeidsplassen.no