100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesta i Jondal
Ullensvang kommune Omsorgsteneste Jondal
Nordbøen 2, 5627 Jondal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Arbeidsstad: Omsorgstenesta Jondal, Vikevollen sjukeheim og heimebaserte tenester
Omsorgstenesta i Jondal er ei samordna teneste som består av Vikevollen sjukeheim, med 18 langtidsplassar, 4 korttidsplassar og Heimebaserte tenester som har sin base på sjukeheimen. Heimebaserte tenester har ansvar for eit bukollektiv med 9 rom i same bygg. Det er ca 60 pasientar knytt til heimebaserte tenester. Som helsefagarbeidar vil du arbeide i turnus med ordinære vakter og 3.kvar helg, både ved sjukeheimen og i heimebasert omsorg, du vil få arbeid i eit tverrfagleg miljø med fysioterapeutar, sjukepleiarar og assistentar, det er noko av det som gjer denne jobben så spennande og variert!
Arbeidsoppgåver:
Nødvendig helsehjelp, personleg bistand under stell, pleie, og dokumentasjon etter gjeldande lover
Legemiddelhandtering
Miljøarbeid
Samarbeide med anna helsepersonell og pårørande
Medansvarleg for ei forsvarleg forvaltning av tenesta sine ressursar
Arbeide etter og bidra til forbetring av gjeldande rutinar
Kvalifikasjonskrav:
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Gode digitale ferdigheiter
Gode kommunikasjonsferdigheiter både muntleg og skriftleg
Førarkort bil
Me ser etter deg som er:
Ein trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
Positiv og engasjert
Sjølvstendig, men som og trives med å arbeide i team
Komfortabel med ein aktiv arbeidskvardag, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Gode permisjons- og pensjonsvilkår
Krav:
Politiattest jfr gjeldande lov Helse og omsorgstenestelova §5-4
Krav til førarkort: Ja klasse B
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
10c5a6dc-b926-4db6-8154-a87e11e1e5bd
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3584961_191035_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Omsorgsteneste Jondal
Sted
Jondal
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Omsorgsteneste Jondal
Sted
Jondal
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utneheimen
Sted
Utne