Hopp til innhold

75% stilling helsefagarbeidar, natt ved Mjøstølen avlastning

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Er du vår nye nattevakt? Fast 75 % stilling ved Mjøstølen avlastning

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein trygg og ansvarsbevisst helsefagarbeidar til nattstilling ved Mjøstølen avlastning.


Om Mjøstølen avlastning

Mjøstølen avlastning gir viktige tenester til familiar med born og unge vaksne som har ulike funksjonsvariasjonar. Vi held til sentralt i Odda sentrum og har døgnkontinuerleg drift.

Vårt mål er at både brukarar og pårørande skal oppleve tryggleik, kvalitet og føreseielegheit. Hos oss blir du ein del av eit stabilt, inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø der vi samarbeider tett. Stillinga inngår i ei ordning med to nattevakter på plass samtidig, noko som gir ekstra tryggleik i arbeidet.


Om stillinga og arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar på natt er du ein viktig tryggleiksperson. Du har ansvar for å skape rolege rammer og sikre god oppfølging gjennom natta, samt bidra til gode overgangar ved kveldsstell og morgonrutinar.


Dine hovudoppgåver:

  • Regelmessige tilsyn og praktisk omsorg gjennom natta.

  • Handtere behov og følgje opp brukarane ved behov.

  • Handtering og administrasjon av legemiddel

  • Bidra i kveldsrutinar før leggetid og morgonstell når brukarane vaknar.

  • Dokumentere observasjonar og hendingar i tråd med gjeldande rutinar.

  • Samarbeide med kollegaer for å sikre heilskapleg kvalitet i tenestene.


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. (Søkjarar med anna relevant fagutdanning, interesse for brukargruppa eller særskilt erfaring vil og bli vurderte).

  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

  • Erfaring med bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Møter menneske med ro, respekt og varme.

  • Er engasjert i arbeid med born og unge vaksne med funksjonsvariasjonar.

  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar.

  • Er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

  • Har evne til fagleg refleksjon.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.


Vi tilbyr

  • Ein trygg og støttande arbeidsplass med eit godt miljø.

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.

  • Faglege utviklingsmoglegheiter og kompetanseheving.

  • Løn etter gjeldande hovudtariffavtale.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 
Praktisk informasjon:

  • Stillingsbrøk: 75 % fast stilling med arbeid kvar 3. helg.

  • Krav: Gyldig politiattest og godkjend tuberkulinstatus må leggjast fram før tiltreding.

  • Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale.

 

Kontaktpersonar:

  • Harald Molven, verksemdsleiar | Tlf: 97 43 66 62


  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

     
    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Tor Larssen Sekse

    Konstituert avdelingsleiar

    +47 47902162

    tor.larsen.sekse@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a4a75ec4-f5fe-4162-ba6c-4c84556b7a15

    Sist endret

    20. mars 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3609253_193155_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser