Hopp til innhold

Stilling i heimesjukepleie i langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget!
Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane.

Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter.

Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.

Intervju blir gjennomført 19/8-26.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
  • Sjukepleiefaglege prosedyrer
  • Primærkontaktansvar
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Veiledning av studentar i avdelinga
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram)
  • Førarkort klasse B
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • Tariffløn
  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad

Anna informasjon

  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Kommunen har 6 mnd. prøvetid ved tilsetjing

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

Om bedriften

I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukarar i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta. Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0fe32649-2168-42c2-89d7-f615fe426384

Sist endret

23. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

466768280

Lignende annonser

Laster lignende annonser