Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 65% fast natt - Heimetenesta
- Type ansettelse
- Fast, deltid 65%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. juli
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkjer akkurat deg som er:
Omsorgsfull - Raus - Engasjert - Lojal
og har;
Humor - Livsglede - Mot
Kva får du hos oss?
Som vår nye kollega vil du kunna få 65% fast stilling som sjukepleiar på natt. Vi har årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom. Stillinga er ledig frå 20.07.2026
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!
Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kven er så du?
Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Viss du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Ass. Einingsleiar Kate S Løland, tlf: 56 16 05 02 / 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2259a3e-b57c-4804-a95e-85e1608dffa6
- Sist endret
8. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3645435_194035_nn