Deltidsstillinger
Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Deltidsstillinger
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. april
Vi har no ledig ei 50 % aktiv/passiv stilling (13 vakter per mnd, inkludert arbeid kvar 4. helg), og ei 11,3% aktiv/passiv stilling (arbeid kvar 4. helg), begge stillingane er f.t. natt og ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale.
Ved ferieavvikling og høgtider vil ein ha aktive, men færre nattevakter. Stillingane har arbeidstid frå kl. 22.15 til 08.15. Kviletid er frå kl. 00.00-07.00 og ein lønnast kvar tredje time i kviletid.
Avrusinga tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. På natt vert Avrusinga bemanna av 2 aktive og 1 aktiv/passiv nattevakt. Lege har heimevakt og rykker ut ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid
- Andre førefallande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller sosialfagleg utdanning
- Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon kan også søke
- Studentar innan relevante fag kan også søke
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- God skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B som gir høve til å køyre med manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, nytenkande og endringsorientert
- Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
- Du er fleksibel og har evne til å handtere hektiske arbeidsdagar
- Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389Line Olaisen, Teamkoordinator, Line.Olaisen@helse-mr.no
Arbeidssted
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5100027976
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Astrid Birgitte Aakernes
Seksjonsleiar
+47 70171389
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fccff65-e986-4db9-b38f-17ae145dad2c
- Sist endret
9. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ed15a18e2da4588912422e84c7d3724