Hopp til innhold

Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver?

Arbeidsgiver

Ål kommune Ål legekontor

Sted

Helsetunvegen 17, 3570 Ål

Om jobben

Stillingstittel
Fastlegeheimel - Ål legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.

Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.

Om legekontoret og praksisen
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege. 

Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.

Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er moderne lokalar som er godt utrusta til dømes spirometri, ultralyd- apparat, røntgen med videooverføring til Vestre Viken. Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.
Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis. Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet. Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver. 

Legevakt

Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane. Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret. Legevakt er organisert som følgjande:

  • daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål
  • legevaktsamarbeid med Hol og Hemsedal kommune, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.
  • interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.
Kvalifikasjonar
  • lege med norsk autorisasjon
  • spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
  • førarkort kl B
Personlege eigenskapar
  • gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • personleg eigna som fastlege og som kollega
  • det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid 

Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

 Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr
  • lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.
    • sjølvstendig næringsdrivande med 810 listepasientar ved full liste,
    • fastlønnsavtale
  • triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
  • moderne og godt utstyrt lokaler
  • tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, alisavtale og regional rettleiingsgruppe
  • godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen

 Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning. 

Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gry Katrine Kirkeluten

48022060 48022060

gry.katrine.kirkeluten@aal.kommune.no

Om bedriften

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt. Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunane Hemsedal og Hol, samt felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune. Helse- og omsorgsektoren i Ål har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Vi har fleire spanande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0fbea2a4-9f73-46f5-9a0c-432e7f5842c7

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3579537_211223_nn

Lignende annonser

Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver? - arbeidsplassen.no