Hopp til innhold

Sommarvikarar - fysioterapi- og ergoterapistudentar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter

Sted

Plassen 2, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal som består av ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

Om stillinga

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte studentar innafor fysioterapi og ergoterapi for sommaren 2026 til kortids/rehabiliteringsavdelinga på Sogndal helse og omsorgssenter.

Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Arbeidstida blir dagtid med annakvar helg.

Arbeidsoppgåver:
  • Rehabilitering
  • Trening med pasienter, individuelt og i grupper
  • Tilrettelegging og delta i måltid
  • Tilrettelegging og delta i stell/påkledning/toalettbesøk
  • Kartlegging
  • Leggja til rette for daglege aktivitetar/kvardagsmeistring
  • Forflytning – veiledning til pasientar og personale
  • Samarbeid med personale på avdelinga og ergoterapeut/fysioterapeut
  • Følgje opp treningsplanar og medverke til utarbeiding av desse

Kvalifikasjonar:
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Påbegynt studie i fysioterapi eller ergoterapi.
  • Vere fylt 18 år.
Personlege eigenskapar:
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.

Me tilbyr:
  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året. 
  • Bistand med å skaffe bustad.

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e84c951-8f77-495b-83cd-b9c7d7e5fbf1

Sist endret

1. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3575995_194679_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser