Hopp til innhold

Sosionom i Allmennpoliklinikk 1 Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)

Arbeidsgiver

Kronstad Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Sosionom til Allmenpoliklinikk 1, Kronstad DPS
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. 

Poliklinikken er ein av to allmennpoliklinikkar og er organisert i fire allmennpsykiatriske team. Poliklinikken er tverrfageleg samansatt med overlegar, lege i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar og psykiatriske sjukepleiarar.

Poliklinikken tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakt, sjukehus og private spesialistar. Vi har tett samarbeid med øvrige kliniske einingar i Kronstad DPS,  som gruppepoliklinikk, døgneiningane og seksjon for akutte tenester.

Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmiljø og brei kompetanse mellom anna innan gruppepsykoterapi, psykodynamisk psykoterapi, kognitiv terapi, psykoedukasjon, traumebehandling og biologisk behandlingsmetodar. Det er etablert eit sosionomfaglig nettverk i DPSet, og det vil være eit tett samarbeid mellom sosionomane i fagområde allmennpsykiatri.

Vi har ledig ei 100 % vikariat i stilling som sosionom og søkjer ein engasjert og positiv fagperson med interesse for sosialfagleg arbeid i allmennpoliklinikk. Startdato er i utgangpunktet 17.08.2026, men dette kan avtalast nærare for søkjar som blir tilsett.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar i tverrfaglege team
  • Bistå sosialfagleg slik at den enkelte pasient kan nå sine behandlingsmål
  • Bidra til at pasientane sine trygde- og sosiale rettigheitar vert ivaretatt
  • Være eit bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og aktuelle samarbeidspartnarar, til dømes NAV, kommunal oppfølgingsteneste, jobb og skule
  • Råd og rettleiing i høve til arbeid og studiar
  • Råd og rettleiing i økonomiske forhold

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rus, eller tilsvarande, men ikkje naudsynt
  • Ønskjeleg med erfaring frå poliklinikk og allmenpsykiatrisk verksemd
  • Ønskjeleg med erfaring frå NAV eller det kommunale tenesteapparatet
  • Interesserte utan desse kvalifikasjonane oppmodas også om å søkje

Personlege eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og like å arbeide i eit fleirfagleg miljø 
  • Gode evner til kontaktetablering og nettverkskyndig
  • Engasjert og fleksibel med interesse for å møte pasienten med respekt og fagleg tilnærming
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høg fagleg nivå mellom dei tilsette
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Per Birkhaug, Ass. seksjonsleiar, +47 92411715

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5141118775
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Per Birkhaug

Ass. seksjonsleiar

+47 92411715

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e4049d6-fb95-416a-a137-82e34f992b96

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0fb89a1bd5a841f5a820eb087ddf1c12

Lignende annonser

Laster lignende annonser