Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

Kronstad distriktspsykiatrisk senter (DPS)/ Allmennpoliklinikk 1, Helse Bergen HF

Sted

Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 24. juni

Kronstad distriktspsykiatrisk senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er i utvikling, og vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss dei endringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam for spiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi har etablert eit FACT Allmennteam som første i vår region, og vi har eit Tidleg Avklaringsteam som har spesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.

Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der overlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og sosionomar inngår. Vi har også jobbspesialistar frå NAV tilknytta poliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering og psykologstudentar i praksis.

Kronstad Allmennpoliklinikk 1 har ei ledig stilling for psykolog!

Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar. Poliklinikken har òg fleire tilsette med forskingskompetanse. Totalt treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med varierte vanskar; traume, autismespekter forstyrringar, ADHD, angst, depresjon, alvorlege affektive lidingar, personlegdoms-utfordringar m.m.

Som eit ledd i å forbetre tenestene våre, og samtidig forbetre kvardagen for den einskilde behandlar, har vi ved Kronstad DPS innført "Ny poliklinisk kvardag". Dette inneber mellom anna at alle behandlarar har ein dag i veka som kan nyttast til arbeid som ikkje inneber direkte pasientkontakt.

Vidare har alle spesialistar ein dag avsett for å vere tilgjengelege for ikkje-spesialistane når det til dømes er nødvendig med drøftingar, felles konsultasjonar med pasientar eller anna arbeid som er nødvendig å bidra inn i med spesialistkompetanse. I 2025 startar vi også opp med eit systematisk opplæringsprogram spesielt retta mot medarbeidarar som ikkje er spesialistar. Dette programmet har som føremon å sørge for at alle har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre arbeidet i poliklinikkane i tråd med gjeldane lovar og regelverk, og samstundes bidra til å kontinuerleg auke kompetansen vi sit med kvar for oss og saman.

Stillinga er ledig etter nærare avtale. 


Arbeidsoppgåver

  • DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vera delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp
  • Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over.
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgievar i nokre tilfelle
  • Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Ein del av stillinga vil vera dedikert til arbeid med spiseforstyrra pasientar.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog
  • Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheitar utover norsk vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. Nærare opplysningar om korleis vi jobbar allmennpoliklinisk på Kronstad DPS kan gis ved henvendelse
  • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. Som psykologspesialist hos oss vil du måtte pårekne å foreta vurderingar av pasienter som du ikkje kjenner godt sjølv. Det er difor nødvendig at du kan bistå andre behandlarar på ein fagleg trygg, målretta og strukturert måte
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. På Kronstad DPS er vi opptatt av at arbeid i team skal løyse oppgåver som berre eit team kan løyse. Det er difor viktig at du meistrar både sjølvstendig arbeid og arbeid i team
  • Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag. Samarbeid både internt og eksternt med kollegaer med forskjellig fagutdanning derfor også forskjellige faglege perspektiv anser vi som særs viktig og nødvendig. Du må derfor både kunne stå trygt i eigne faglege vurderingar, samstundes som du kan forstå og ta hensyn til andres faglege perspektiv som er annleis enn ditt eige
  • Vi ønsker oss ein kollega som er engasjert og fleksibel, og som også kan vera tydeleg om det er nødvendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for ein psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine vurderingar og konklusjonar
  • Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillinga blir lønna etter gjeldande overeinskomst
  • Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i poliklinikken og elles på DPSet
  • Vi jobber kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett

Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Per Birkhaug, Seksjonsleiar, 92411715

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5143237422
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Per Birkhaug

Seksjonsleiar

92411715

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a955f6e5-7e25-45dc-a1aa-8d7375a514ae

Sist endret

9. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a03d6d84c2124d188b537a659990f612

Lignende annonser

Laster lignende annonser