Hopp til innhold

Prosjektleiar byggeprosjekt

Arbeidsgiver

Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 49A, 6412 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bygg- og eigedomsutvikling - Prosjektleiar byggeprosjekt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit ambisiøst mål om å vere eit førebilete for korleis vi tek vare på og vidareutviklar eksisterande bygg på ein ansvarleg måte. Vi står framfor store oppgåver med oppgradering, ombygging og vedlikehald av bygningsmassen vår – alltid med høge krav til klima og miljø, sosialt ansvar og god prosjektøkonomi.

I Bygg- og eigedomstenestene har vi som ambisjon at kvart prosjekt skal bidra til å forlenge levetida til bygga våre, redusere miljøavtrykket og skape betre løysingar for brukarane. Det betyr at vi utfordrar etablerte tankesett, tek i bruk innovative metodar og dokumenterer resultata vi oppnår.

Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø innan prosjektleiing og bidra til å utvikle framtidas løysingar for eksisterande bygg, kan dette vere rett plass for deg.


Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar for byggeprosjekt får du jobbe med planlegging og gjennomføring av ulike spennande byggeprosjekt. Dette inneber ansvar for å levere prosjektet med rett kvalitet, til rett tid og innafor kostnadsramme. 

Saman med vårt team vil du jobbe med strategiplanar, politiske saker og kunne ha fagleg ansvar innanfor eit eller fleire tema.

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har

  • har relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes sivilingeniør.  En kombinasjon av relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
  • erfaring frå prosjektstyring og prosjektleiing i byggeprosjekt
  • erfaring og kompetanse innan prosjekteringsledelse
  • har god erfaring med bruk av digitale verktøy for dokumentasjon av byggeprosjekt i tråd med gjeldande nasjonale standardar
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:
  • Offentlege anskaffingar og kontraktar
  • Kalkulasjon av byggeprosjekt
  • Kvalitetsstyring i byggeprosjekt
  • Modellering og informasjonssystematisering gjennom BIM
  • Bruk av microsoft-plattformer som sharepoint, azure digital twin og azure data explorer
  • Prosjektering innan brann, aukustikk eller bygg
  • Entreprenørerfaring
  • VDC
  • LCC
  • LCA

Personlege eigenskapar

  • arbeider systematisk og grundig
  • har gode samarbeidseigenskaper
  • har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale 

Kontaktinformasjon

Bjørn Erik Hjellset, Avdelingssjef, +47 90519007, bjorn.erik.hjellset@mrfylke.no
Torgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, 46418730

Arbeidsstad

Julsundvegen 49A
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5046505686
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0dc4a9e8-c736-4c04-8ca0-4747b6726f68

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

844fb6f560c04559b18682157c44957e

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde

IKT-koordinator

Arbeidsgiver

IT-seksjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde