Seniorrådgjevar – avtaleforvaltning og kundesamarbeid
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Biskop Gunnerus gate 6, 0154 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgjevar - avtaleforvaltning og kundesamarbeid
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. februar
Vi er DIO
Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ein ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ei drivkraft i dette skiftet.
DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa og vart etablert som ny etat i januar 2025. Vi bidrar til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, og ansvarleg bruk av ny teknologi.
Vi har ansvar for det digitale økosystemet i regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgjeving innan teknologi, sikkerheit og innovasjon. Målet vårt er enkelt: å leggje til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.
No søkjer vi deg som vil vere med og forme tenestene som skal leverast i hjartet av norsk politikk og forvaltning. Dette er meir enn ein jobb – det er ei unik moglegheit til å påverke departementa sin digitale kvardag frå start.
Vi ser etter deg som er trygg i faget, raus i samarbeidet – og som ser moglegheiter for å få ting til å fungere betre.
Kva blir dine oppgåver
Som avtaleforvaltar i seksjonen for porteføljestyring og kunde får du ei nøkkelrolle i å forvalte og vidareutvikle samarbeidsavtalen mellom DIO og departementsfellesskapet - grunnmuren for korleis vi leverer tenester til departementa.
Avtalen omfattar mellom anna beskriving av tenester, samhandlingsmodell, kundespesifikke vilkår, tenesteoppfølging, personvern og sikkerheit. Du vil sikre at avtalen er oppdatert, forstått og etterlevd. Du vil også delta i videreutviklinga av samhandlingsmodellen gjennom tett samarbeid med både interne fagmiljø i DIO og kontaktpersonar i departementa.
Seksjonen har åtte medarbeidarar og er éin av tre seksjonar i avdelinga Kundesamarbeid som fungerer som departementa sin strategiske samarbeidspartnar, og har ansvaret for kundesamarbeid, porteføljestyring, prosjekter og tenesteutvikling.
Dine ansvarsområde
- forvalte og vidareutvikle samarbeidsavtalen, sikre oppdateringar og at den vert etterlevd
- fasilitere og delta i DIO sine samhandlingsfora med kundene på strategisk, taktisk og operativt nivå
- gi juridiske råd om avtaler, roller og ansvar
- identifisere og følgje opp risiko og avvik, og bidra til kontinuerleg forbetring
- sikre god informasjonsflyt internt i DIO og overfor kundene
DIO er ei verksemd i kontinuerleg utvikling. Ansvarsområda kan justerast i tråd ned verksemda sine behov.
Kven er du?
Kvalifikasjonar
- fullført relevant mastergrad, gjerne innan juss. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- erfaring med avtaleforvaltning, inkludert utforming, oppfølging og forankring av avtalar
- erfaring med å fasilitere dialog og samhandling mellom fleire partar, gjerne frå offentleg sektor.
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
I tillegg er det ønskjeleg at du har
- erfaring med digitalisering og avtalar knytt til digitale tenester og leveransar
- erfaring frå strategisk kundedialog
- erfaring frå offentleg forvaltning
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som
- arbeider strukturert og er sjølvdriven: Du tek initiativ, planlegg godt og får ting gjort
- er kvalitetsbevisst og nøyaktig i leveransar
- byggjer gode relasjonar og samarbeider effektivt: lyttar aktivt, kommuniserer tydeleg og bidreg positivt
- har god prosessforståing og gjennomføringsevne
- trivst med å arbeide både strategisk og operativt: ser heilskapen og tek ansvar for detaljar og leveransar.
Praktisk informasjon
Stillinga er for tida løna som seniorrådgjevar i lønsspenn frå kr 780.000 til kr. 1.020.000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.
Slik søker du
Søknad sendes elektronisk ved å trykke på lenka «Søk stillinga».
I portalen må du:
- svara på faglege spørsmål som erstattar søknadsbrev
- fylle ut CV-felta
- laste opp vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar
Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir.
Vi ber aldri om BankID eller liknande i søknadsprosessen.Vi er opptekne av mangfald
Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om positiv særbehandling når man søker jobb i staten.
Kvifor jobbe i DIO?
Jobb tett på avgjerdene
Du bidreg til at teknologi, tenester og støttefunksjonar fungerer saumlaust, og påverkar løysningar som er avgjerande for at Norge styrast effektivt og sikkert.
Arbeid med meining
Tenestene våre brukast dagleg av tusenvis av tilsette i departementa, og vi utviklar løysningar som gjer kvardagen enklage og tryggare for dei som styrar landet.
Fagleg fellesskap og kultur
Bli ein del av eit engasjert og kompentent fagmiljø. Vi jobbar tverrfagleg, deler kunnskap og byggjer ein kultur der det er rom for nysgjerrigheit, utvikling og godt samarbeid på tvers.
Tryggleik og fleksibilitet
Fleksibel arbeidstid, sommertid, ekstra fridagar i jul og romjul, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsstad i hjartet av Oslo
Hovudkontoret vårt ligg midt i sentrum, i umiddelbar nærleik til det nye regjeringskvartalet.
Moglegheit til å påverke og utvikle
DIO er ny og i vekst. Her får du ei unik mogelegheit til å forme di eiga rolle og organisasjonens retning, med oppgåver som justerast i takt med behov og dine styrkar.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
DIO er departementenes digitaliseringsorganisasjon og består av ca. 250 medarbeidere. Vi understøtter to av landets viktigste demokratiske institusjoner - regjeringen og departementene. Vårt oppdrag er å styrke deres evne til å løse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon.
Vi har hovedkontor i Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerende lokaler i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og i Victoria Terasse.
Avdelinga for kundesamarbeid er departementa sin strategiske samarbeidspartnar og har ansvar for kundedialog, porteføljestyring, prosjekt og tenester. Avdelinga sikrar innsikt i kunde- og brukarbehov, slik at DIO sine tenester gir gode brukaropplevingar og bidreg til effektiv oppgåveløysing.
Porteføljestyring og kunde har ansvar for utvikling, vedlikehald og forvaltning av samarbeidsavtalar med kundane, tenestekatalogen og tenesteporteføljen. Seksjonen identifiserer behov og moglegheiter for digitalisering av departementa sine arbeidsprosessar. Tett dialog med kundane er ein sentral del av arbeidet.
Les mer på dio.dep.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0da0e18f-702e-4ce5-b516-b83f653a268e
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277948
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Avdelingsleder – digitale tjenester
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo