HR-rådgjevar
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Biskop Gunnerus gate 6, 0154 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Vi er DIO
Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ikkje berre ein ny kvardag for departementa – det er starten på ei ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ein drivkraft i dette skiftet.
DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Vi vart etablert som ny etat i januar 2025. Oppdraget vårt er å bidra til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, samt raskare og ansvarleg bruk av ny teknologi.
Vi har ansvar for det digitale økosystemet i det nye regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgiving innan teknologi, tryggleik og innovasjon. Vi legg til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.
DIO vart etablert 01.01.2025, og er i ein spennande vekstfase. Framover skal verksemdsstrategien gjennomførast, vi skal etablere fleire fellestenester for departementa, og vi skal levere tenester i det nye regjeringskvartalet.
Kva blir dine oppgåver
Vi utvidar HR-teamet og søkjer ein fagleg engasjert rådgjevar som trivst med varierte oppgåver. Som HR-rådgjevar vil du få ansvar for fleire viktige område innan HR, mellom anna rekruttering, onboarding av nytilsette og HMS-området. Andre oppgåver og ansvarsområder vil bli lagt til etter kvalifikasjonar, interesse og seksjonen sitt behov.
Vi kjøper tenester frå ein ekstern leverandør innan områda arbeidsrett og omstilling, HMS, løn, rekruttering og personaladministrasjon, og oppgåvene blir utførte i tett samarbeid med denne leverandøren. Dersom du trivst med høgt tempo, varierte oppgåver og moglegheita til å påverke HR si rolle og portefølje, er dette jobben for deg!
Du vil mellom anna jobbe med
- systematisk HMS-arbeid, i samarbeid med ekstern leverandør
- rekrutteringsprosessane, i samarbeid med ekstern leverandør
- videreutvikle, vurdere og evaluere arbeidsplasskonsept i samarbeid med verneombod og tillitsvalde
- onboarding av nye medarbeidarar og leiarar
- rapportering og HR-analysar
- rettleiing, opplæring og rådgjevning av DIO sine medarbeidarar og leiarar
- utvikling og kontinuerleg forbetring av policyar, prosessar og prosedyrar innanfor HR sine ansvarsområde
Kven er du?
Vi søkjer deg som har
- fullført relevant bachelorgrad med spesialisering innan HR, organisasjonspsykologi, leiing, sosiologi eller andre relaterte fagområde. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- relevant arbeidserfaring innanfor fleire av oppgåve- og ansvarsområda som er lagt til stillinga
- kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy og system
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel at du har:
- erfaring fra lønssystemet SAP
- erfaring fra statleg verksemd
- erfaring med prosessforbetringar og med å utvikle prosedyrar og rutinar
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som:
- har eit sterkt fagleg engasjement og vilje til å ta på deg ulike oppgåver
- er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
- er ein god relasjonsbyggjar
- har god rolleforståing
- er analytisk, sjølvstendig og strukturert
- har høg gjennomføringsevne og arbeider effektivt, også under tidspress
Praktisk informasjon
Stillinga blir for tida løna som rådgjevar (kode 1434) i lønsspennet frå kr 550 000 til kr 750 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.
Søknad sendes elektronisk ved å trykke på lenka «Søk stillinga».
I portalen må du:
- svara på faglege spørsmål som erstattar søknadsbrev
- fylle ut CV-felta
- laste opp vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar
Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir.
Vi ber aldri om BankID eller liknande i søknadsprosessen.Kvifor jobbe i DIO?
Jobb tett på beslutningene
Du bidrar til at teknologi, tjenester og støttefunksjoner fungerer sømløst, og påvirker løsninger som er avgjørende for at Norge styres effektivt og sikkert.
Arbeid med mening
Tjenestene våre brukes daglig av tusenvis av ansatte i departementene, og vi utvikler løsninger som gjør hverdagen enklere og tryggere for dem som styrer landet.
Faglig fellesskap og kultur
Bli en del av et engasjert og kompetent fagmiljø. Vi jobber tverrfaglig, deler kunnskap og bygger en kultur for utvikling og godt samarbeid.
Trygghet og fleksibilitet
Fleksibel arbeidstid, sommertid, ekstra fridager i jul og romjul, samt gode pensjons- og forsikringsordninger.
Arbeidssted i hjertet av Oslo
Hovedkontor ligger midt i sentrum, i umiddelbar nærhet til det nye regjeringskvartalet.
Mulighet til å forme og utvikle
DIO er ny og i vekst. Her får du unik mulighet til å forme egen rolle og organisasjonens retning, med oppgaver som justeres i takt med behov og dine styrker.
Vi er opptekne av mangfald
Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om positiv særbehandling når man søker jobb i staten.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon og består av om lag 250 medarbeidarar. Vi støttar to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Oppdraget vårt er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon.
Vi har hovudkontor i Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerande lokale i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og på Victoria Terrasse.
Seksjon for HR består av tre tilsette og har ansvar for å støtte dei strategiske måla til DIO gjennom effektiv handtering av medarbeidarrelaterte prosessar. Seksjonen tek vare på organisasjonen sitt behov for rekruttering, kompetanseutvikling, medarbeidarglede og organisatorisk utvikling. Seksjonen har ei strategisk viktig rolle i å skape eit positivt arbeidsmiljø og styrkje omdømmet til DIO. Seksjonen samarbeider med, og kjøper HR-tenester frå, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) innan løn, rekruttering, personaladministrasjon, arbeidsrett og HMS.
Les mer på dio.dep.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0ba950bf-00d1-44f2-b9b0-89d9311bb254
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278013
Lignende annonser
Seniorrådgjevar - avtaleforvaltning og kundesamarbeid
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Avdelingsleder – digitale tjenester
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo