Hopp til innhold

Helsefagarbeider 100 % fast stilling i team

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Nedre Alver 2, 5911 Alversund

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider 100 % fast stilling i team
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Om stillinga

Me har ledig helsefagarbeidar knytta til team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule og i heimen. Teamet er godt etablert  i dag med faste tilsette -der nokre har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team.


Arbeidsoppgåver

  • Være ein del av teamet rundt brukar- utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutinar
  • Andre delegerte oppgåver frå leiar ut frå behovet til ei kvar tid

Om avdelinga

Teamet er organisert i heimetenesta avdeling Alversund/Seim. Avdelinga er lokalisert på gamle Alversund skule. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelp og assistentar som til saman gir gode tenester til sine brukarar. Avdelinga har fokus på  fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og jobbar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester. 


Kvalifikasjonskrav

 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Minimum 1 års relevant arbeidserfaring frå arbeid i team
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Kven er du?

 

  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
  • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar 
  • Er fleksibel og løysingsorientert
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.

 

 

 


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Vibeke Bøe Løtvedt

Einingsleiar

+4797799250

vibeke.lotvedt@alver.kommune.no

Om bedriften

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» 
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.

Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar. 
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0d01f6de-5a86-413f-b3d8-4c85f9cb018f

Sist endret

7. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294945

Lignende annonser

Laster lignende annonser