Vernepleiar
Austevoll kommune
Gullsmedvegen 55, 5397 Bekkjarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleier i Gullsmedvegen bu og avlasting
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Gullsmedvegen bu og avlasting blei opna i januar 2024 i nyoppussa lokaler. Eininga består av tre omsorgsbustader og avlasting med tre sengeplasser til barn og unge. Vi gir praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til vaksne personar med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustad, samt rullerande avlasting til barn og unge i eigne lokaler.
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei avdeling innunder Miljøarbeidartenesta.
Om stillinga
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei eining der vi søker etter kollegaer med fullført bachelor i vernepleie.
Vi søker deg som ønsker å vere med å bygge opp ei god teneste der både tenestemottakarar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vi treng trygge, aktive og omsorgsfulle miljøterapeutar til arbeid i døgnturnus.
Som miljøterapeut vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærkontaktansvar, aktiv oppfølging av tenestemottakar i daglege aktivitetar, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar, planarbeid og rettleiing. Du vil arbeide både i avdelinga for avlasting til barn og unge og i teneste til vaksne med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustadar som ligg i same område. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur.
Vi har ein ledig 100% stilling med døgnvakter med arbeid kvar 4. helg. Avdelinga har årsturnus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den enkelte sitt behov
- Målretta miljøarbeid og burettleiing
- Medisinadministrasjon
- Sørga for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak
- Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet.
- Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle instansar.
- Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar.
Ønska kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonar- Fullført bachelor i vernepleie. Sekundært fullført bachelor i sjukepleie
- Du må vise gyldig politiattest ved tilsetting
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring frå brukargruppa
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Grunnleggande respekt for menneske og engasjement for tenester til personar med nedsett funksjonsevne
- Stå roleg i krevjande situasjoner
- Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
- Ha stå på vilje og like utfordringar
- Open, lojal og påliteleg
- Omsorgsfull, trygg og stabil
- Tilpassingsdyktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Løysningsorientert, strukturert og tydeleg
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø der etisk refleksjon og fagutvikling står sterkt
- God gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Tillegg for turnusarbeidarar
- Årstunus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktpersoner for stillingen
Linn-Beathe Suphammer
Leiar Miljøarbeidartenesta
+4798232951
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0c0d11ac-e9be-4a8c-ac2b-515b583a8fcf
- Sist endret
8. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295227