Hopp til innhold

Vil du vera ferievikar hos oss i sommar?

Arbeidsgiver

Voss herad Område sør

Sted

Eidesvegen 24, 5736 Granvin

Om jobben

Stillingstittel
Granvin Sjukeheim og Heimeteneste
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Me treng sommarvikarar i perioden 15. juni til 16.august 2026
Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer. Ved tiltreding vil du få opplæring i mellom anna forflytning,etikk, hygiene og andre praktiske tilhøve ved å arbeida i pleie- og omsorg. Alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhåndtering

Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type sommarjobb du ynskjer. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.

Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.

Me treng sommarvikarar på fylgjande stader:

  • Institusjon
  • Heimesjukepleien
  • Heimehjelp
  • Kjøkkenassistent

 Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie
  • dialog og samarbeid med pårørande

 Kvalifikasjonar

  • vernepleiararsjukepleiar/vernepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
  • hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
  • studentar / elevar
  • du bør ha evne til å arbeida målretta, vera løysingsorientert og trygg
  • me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega
  • alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og får tilbod om sommarvikarkurs
  • godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
  • du må kunne nytta dataverktøy, og du vil få opplæring i våre program.

Alle som blir tilsett må levere politiattest 

 
Me prioriterer dei som:
  • Er over 18 år
  • Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
  • Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid
  • Personar med førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar 
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Likar utfordringar i arbeidet
  • Møte andre menneske på ein respektfull og open måte

Me tilbyr  

  •  gode vilkår for fagleg utvikling
  • ein meiningsfull sommarjobb
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Grete-Kari Haugen Ljones

40403878

grete.ljones@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0bd6b9e3-f1ad-433d-878d-680e401f6549

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3588241_213019_nn

Lignende annonser