Hopp til innhold

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb?

Arbeidsgiver

Voss herad Område vest

Sted

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Voss Sjukeheim søkjer ferievikarar
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?  
Då har vi jobben for DEG! På Voss Sjukeheim, på korttid- og langtidsavdelingane er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar. Me søkjer også vikarar til å hjelpe oss i vaskeriet
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.   

Me tilbyr    

  • Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.  
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.  
  • Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld, og helg. 
  • Natt for dei som ynskjer å jobbe på den tida av døgnet.
  • E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.
 Arbeidsoppgåver   
  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid. 
  • All samhandling skal utførast med respekt og ein skal ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. 

Me søkjer   

Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.  

  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.  
  • Deg som kunne tenkja seg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også. 
  • Deg som er 16 år og eldre.

Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. 
Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart. 

Søknaden må innehalde opplysningar om:  

•Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.  

Me tek kontakt med søkjarar fortløpande.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ranveig Dugstad

+47 41704924

ranveig.dugstad@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2502926b-1f29-43f8-96ed-d096c56cc4db

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593855_213023_nn

Lignende annonser