Hopp til innhold

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb? 

Arbeidsgiver

Voss herad Vetleflaten omsorgssenter 2. etg.

Sted

Voss

Om jobben

Stillingstittel
Vetleflaten Omsorgssenter søkjer ferievikarar
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 5%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?  
Då har vi jobben for DEG! På Vetleflaten Omsorgssenter er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.   

Me tilbyr    

  • Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.  
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.  
  • Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. 
  • E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.

   

 Arbeidsoppgåver  
  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid. 
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.

 

Me søkjer   
Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.  

  • sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.  
  • deg som kunne tenkja seg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også. 
  • deg som er 16 år og eldre.

 

Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. 
Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart. 

 

Søknaden må innehalde opplysningar om:  

•Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.  

Me tek kontakt med søkjarar fortløpande.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siren Vethe

+47 97997196

siren.vethe@voss.herad.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

27e8da6b-8143-471b-985f-64d94464373b

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593853_213123_nn

Lignende annonser

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb?  - arbeidsplassen.no