Hopp til innhold

Rådgivar – folkehelse, vikariat

Arbeidsgiver

Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

 

Er du opptatt av folkehelse, livskvalitet og samfunnsutvikling?  Då kan dette vere erfaringa for deg!

Vi søker etter rådgivar i eit 100 % vikariat i perioden frå 1.5.26 til 1.4.27 som skal jobbe innan folkehelse og samfunnsutvikling.
Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å fremme helse og livskvalitet gjennom planlegging, forvalting og tenesteyting, jf. folkehelselova §§ 20 og 21. Dette innebærer å utarbeide oversikt over helsetilstanden i befolkninga, støtte kommunane sitt folkehelsearbeid og bidra til samordning og strategisk utvikling på regionalt nivå. 

Ein av våre tilsette skal ut i permisjon – er du den som kan steppe inn i eit spennande vikariat?

Møre og Romsdal fylkeskommune har kontorstader både i Kristiansund, Molde og Ålesund og vi legg vekt på fleksibilitet for våre tilsette. Teamet som jobbar innan folkehelse har kontorstad Molde, og vi ønsker derfor at du er mykje til stades i Molde, men du kan også jobbe på dei andre lokasjonane våre.



Arbeidsoppgåver

  • Være pådrivar for, og samordne folkehelsearbeidet i fylket
  • Formidle og stimulere til kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
  • Rådgi og rettleie kommunar og andre samarbeidsaktørar i folkehelsearbeidet på tvers av fagfelt
  • Oppdatere og presentere oversikt over folkehelsa i fylket
  • Være ansvarleg for å planlegge fylkeshelseundersøkinga (FHUS) som skal gjennomførast i 2027
  • Bidra inn i Samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge
  • Saksbehandling og tilskotsforvaltning  

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan folkehelse, førebygging, helsefremming eller planlegging
  • Erfaring med arbeid innan folkehelse og/eller planlegging og analyse 

 

Ønskeleg:

  • God kunnskap og interesse om offentleg forvaltning og fylkeskommunens rolle som samfunnsutviklar
  • Erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
  • Evne til å sjå heilskap og samarbeid på tvers av fagfelt
  • Erfaring frå utgreiingsarbeid

 

Personlege eigenskapar

  • Positiv og engasjert, ein pådrivar og dyktig på nettverksarbeid, samarbeid og relasjonsbygging
  • Evne til å planlegge, prioritere og arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert, nøyaktig og har gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • eit spennande arbeidsmiljø over heile fylket med kollegaer med eit mangfald av utdanning og  kompetanse
  • god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Christine Reitan, Ass. Kulturdirektør, 90998268

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5050285954
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.01.2026

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0a4afe55-c221-4e8f-8a0a-644348b5cc90

Sist endret

13. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

321d6d08064943e08a793012c2ad44e9

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde