Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. januar
Om stillinga
Vi er på jakt etter engasjerte og dyktige juridiske rådgjevarar til to faste stillingar i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga vår, på kontorstad Leikanger.
Vi jobbar på oppdrag frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet, og har ansvar for viktige rettstryggleiksoppgåver i helse- og omsorgssektoren.
Frå 1. januar 2026 skal vi ha ansvaret for pasientreiseklager frå heile landet. Når ein innbyggjar reiser til og frå behandling som vert dekt av det offentlege, kan dei ha rett til reisestønad. Pasientane gjennomfører reisene på eigenhand, og sender søknad om reisestønad til Pasientreiser HF i etterkant. Dersom søkjaren ikkje er samd i vedtaket til Pasientreiser HF, kan dei klage til Statsforvaltaren.
Vi ser etter deg som har interesse for helse- og omsorgsrett, og som vil jobbe for å sikre kvalitet og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene.
Arbeidsoppgåver
Som juridisk rådgjevar vil du primært jobbe med behandling av klager etter føresegnene i pasientreiseforskrifta. Du vil både behandle eigne klagesaker, og etter kvart godkjenne sakene til andre saksbehandlarar. Det kan også bli aktuelt å bidra med utviklingsoppgåver.
Du vil også få høve til å jobbe innanfor andre saksfelt, som til dømes
- behandling av klager om pasient- og brukarrettar
- tilsyn med helse- og omsorgstenestene, og helsepersonell
- avgjerder som handlar om kontroll med bruk av tvang og makt etter helselovgivinga
- råd/rettleiing til både tenestene og pasientar/brukarar/pårørande.
Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
- God munnleg og skriftleg framstillings evne på både nynorsk og bokmål.
- Gode IKT/digitale ferdigheiter.
Ved vurdering av kvalifiserte søkarar vil vi legge vekt på
- faglege kvalifikasjonar
- erfaring frå offentleg sakshandsaming og saksområda som ligg til stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan arbeide effektiv og strukturert
- er initiativrik
- har høg arbeidskapasitet
- likar å arbeide sjølvstendig, og som samtidig har gode samarbeidsevner
- bidrar til eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a3db31b-7b4c-43c5-b17a-9845bc09e71d
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274956
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Sted
Leikanger, Bergen
Arbeidsgiver
Skyss
Sted
Leikanger, Bergen