Hopp til innhold

Juridisk rådgjevar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Bemanningssentral

Sted

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Me søkjer deg som har særskilt interesse for offentleg rett, du vil få ei viktig rolle i arbeidet med å sikre kvalitet i saker, og vere ein sentral rådgjevar i organisasjonen! 

Me har ledig 100% vikariat som juridisk rådgjevar i 1 år frå juni 2026. 

Som juridisk rådgjevar får du ei sentral rolle i å styrkje rettstryggleik og kvalitet i kommunen si verksemd. Du vil arbeide tett på både administrasjon og politisk nivå, og vere ein fagleg sparringspartnar i juridiske spørsmål på tvers av organisasjonen. Stillinga er brei og variert, og oppgåvene vil spenne frå løpande juridisk støtte til meir prinsipielle vurderingar, avhengig av behov og kompetanse. 

 
Kvalifikasjonar: 

  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. 
  • Erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk i offentleg sektor.

Det er ein fordel med: 
  • Erfaring med prosessarbeid og saksframstilling for politiske utval eller styrande organ. 
  •  Gode IKT-kunnskapar. 
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk. 
  • God relasjonskompetanse, i tillegg til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 
  • God kjennskap til avtaleverket i KS-området og offentleg rett. 

Eigenskapar: 
  • Evne til å arbeide både strategisk og operativt. 
  • Nøyaktig og strukturert, med høg integritet. 
  • Trivst med varierte faglege utfordringar.
  • God rolleforståing.
  • Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde. 
  • Deler av eigne, og er open for andre sine, tankar, idear og innspel. 
  • Positiv, proaktiv og engasjert. 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.  

Arbeidsoppgåver: 
  • Rådgjeving, rettleiing, opplæring og kvalitetssikring i juridiske spørsmål innan kommunen sine ulike fagfelt, med særskilt merksemd på forvaltningslova, arbeidsrett, kommunelova og offentleglova.
  • Sakshandsaming og klagehandsaming, også førebuing av saker til politisk handsaming. 
  • Utarbeide og vedlikehalde juridiske dokument og malar for verksemda. 
  • Utgreiingar, utarbeiding og forhandling av kontraktar. 
  • Stillinga kan bli tillagt oppgåver innan alle fagfelt i kommunen ut frå behov.

Me tilbyr: 
  • Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Gode velferdsordningar. 
  • Fleksible arbeidstidsordningar. 
  • Løn etter avtale. 

 Arbeidsstad: Leikanger. Oppstart etter avtale 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 
 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 
 
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ida Sophie Ulshagen Øye

Konstituert avdelingsleiar

+47 98499559

ida.sophie.ulshagen.oye@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2af239c3-5a21-4cb1-a38c-816f9e54a7f3

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3597875_233923_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Sted

Leikanger, Steinkjer, Sandnessjøen