Barnehagelærar
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. januar
Om stillinga
Vaksdal har no ledige vikariat i Stanghelle barnehage som barnehagelærar.
Som barnehagelærar vil du vere ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, i samarbeid med pedagogiske leiarar og øvrig personale. Du vil bidra til planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen, og vere ein trygg vaksenperson for barna.
Vikariatet utgjer totalt 120 %, og kan fordelast på fleire søkjarar.
Ver venleg å oppgi ønskja stillingsprosent i søknaden.
Me håpar å høyre frå deg!
Kvalifikasjonskrav
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan ved behov bli vurdert
- Ynskjeleg med erfaring frå barnehage og personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein påliteleg, open og ærleg person.
- Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet
- Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre
Vi oppmodar menn til å søkja.
Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing
Vaksdal Kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Gunn Elisabeth Melgård Aase
Einingsleiar barnehage, kultur og inkludering
+4741233585
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Vaksdal kommunale barnehage består av barnehagane Vaksdal, Knutatunet/Stanghelle og Dale og oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år.Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0763231b-b204-4182-942c-42fa245956bb
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277338
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Arbeidsgiver
Norlandia Øyrane
Sted
Indre Arna