Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Vaksdal Kommune har no ledige 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Dale barnehage.  

Som pedagogisk leiar vil du ha ansvar for å leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med rammeplan for barnehagen. Du vil samarbeide tett med engasjerte kollegaer, og vere ein viktig bidragsytar til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barn.

Dale barnehage har to avdelingar og barn frå 1-6 år. Barnehagen ligg sentralt plassert på Dale med kort avstand til basseng, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområder.

Me håpar å høyre frå deg! 


Kvalifikasjonskrav

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar 
  • Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan ved behov bli vurdert 
  • Ynskjeleg med erfaring frå barnehage og personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein påliteleg, open og ærleg person. 
  • Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer 
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert 
  • Du er stabil og påliteleg for god og trygg tenestekvalitet til beste for barna og arbeidsmiljøet 
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre

Vi oppmodar menn til å søkja. 

Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggjast fram ved tilsetjing.


Vaksdal Kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Kompetente og engasjerte kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Om bedriften

  • I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
  • Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
  • Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit. 
  • I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
  • Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av  Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f98993cd-c8c2-469f-a79a-1846aa8925b8

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10277335

Lignende annonser

Laster lignende annonser