Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Bordalen Barnehage

Sted

5708 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Bordalen barnehage har ledig stilling som

PEDAGOGISK LEIAR
frå 1. august 2026

Me søkjer etter deg som har hjarte for born. Born sin kvardag og sjølvkjensle er prisgitt vaksne som aktivt deltek og er genuint intresserte i å lytte og forstå.

Me søkjer deg som brenn for at barnehagen skal vera ein trygg og god stad for borna.

Me tilbyr:
  • Fast stilling i 100 %
  • engasjerte og dyktige kollegaer
  • me har gode forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom Private barnehagers landsforbund
  • ein arbeidsdag der du gjennom inspirerande leik og  læring – og ved å nytte natur og nærmiljø, verkeleg kan gjera ein forskjel i borna sine liv
Kva du skal gjere hjå oss:
  • Du skal sjå til barnehagen vert driven i samsvar med vår verdiplattform 
  • Du skal bidra til å skape eit trygt, engasjerande og spennande læringsmiljø for born og tilsette.
  • Du skal rettleie og støtte personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet
  • Vera pådrivar i evaluering og kontinuerleg forbetring
  • Ansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med foreldre 
Kven er du?:

Du må vera positiv, løysningsorientert, samarbeidsvillig, og fleksibel. Du må kunne kommunisere godt med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
Du likar utfordringar, og jobbar godt i til tider hektisk miljø, er ansvarsmedviten og sjølvstendig.
Viktigast av alt ynskjer deg som er ein god, varm og omsorgsfull vaksen, men likevel leiken, raus og tydeleg.

Kvalifikasjonar:
  • Godkjend utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan relevant kompetanse
  • Erfaring frå barnehage er gjerne ynskjeleg (ikkje krav)
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt
Søknadsfrist: 20. april 2026

Søknad kan sendast på e-post:
mariannegjerald@hotmail.com, via "søk på stilling" knappen på denne siden.
eller til Bordalen barnehage, Bjørnshovden 19, 5708 Voss Tlf: 415 56 141

Attestar, vitnemål og referansar tas med til evt. intervju.

Om bedriften

Bordalen Barnehage er ein privat barnehage med born frå 1-5 år. Me har lokale i tilknyting til gamle Bordalen skule. Barnehagen ligg i nærleiken av både skog og flott turområde. Barnehagen ligg berre 7 km frå Voss Sentrum.
Barnehagen er medlem i Private Barnehagers Landsforbund (PBL).

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5aa55606-0b57-4874-af76-44bd87bd68f0

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4559815

Lignende annonser

Laster lignende annonser