Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. august
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitenskapeleg assistent
Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling for 2 år som vitskapleg assistent (50%) knytt til masterprogrammet i samtidskunst, med ønska oppstart frå oktober 2026.
Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til fagleg koordinering av masterprogrammet i samtidskunst. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for programmet og arbeide i eit dynamisk undervisningsmiljø med gode faglege utviklingsmoglegheiter
Ei stilling som vitskapleg assistent skal danne grunnlag for ein vidare akademisk karriere, gjennom arbeidsoppgåver som gir innsikt i og erfaring med vitskapleg eller kunstnarleg arbeid og metode.
Personar som har vore tilsette som stipendiatar eller har oppnådd doktorgrad, kan ikkje tilsetjast som vitskapleg assistent.
Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent).
Arbeidsoppgåver:
- Fagleg koordinering av ulike læringsaktivitetar (seminar og utstillingar medrekna), eksamen og opptak
- Tilrettelegging av studentars studiotilbod relatert til MA ART-emne
- Samarbeid med programstyret og dei emneansvarlege i masterprogrammet
- Samarbeid med tilsvarande vitskapleg assistent for Kunstakademiet sitt bachelorprogram
- Bidra til vidare utvikling av programmet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad, fortrinnsvis innan samtidskunst
- God språkkunnskap og formuleringsevne i norsk eller engelsk, munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
- Vere serviceinnstilt og imøtekommande
- Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform.
- Ha kjennskap til relevante rørsler i samtidskunsten.
Vi tilbyr:
- Utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som vitskapleg assistent (kode 1020) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 519 400 – 550 000 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Kort motivasjonsbrev
- CV, inkludert liste over kunstnarlege produksjonar og /eller annan organisatorisk erfaring som har relevans for stillinga
- Vitnemål som viser at du har relevant mastergrad
- Relevante attestar og referansar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde katrine.hjelde@uib.no
For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
06b9e713-e74c-4252-ab63-e80e20cb36bc
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10302843