Lærarar
Ål kommune Nedre-Ål skule
Sundrevegen 43-45, 3570 Ål
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
I perioden 01.08.26 -31.07.27 er det ledig inntil 100% x 2 mellombelse stillingar for lærarar ved 1-7. trinn i Ål kommune, pt Nedre-Ål skule. Kontaktlærarfunksjon er tillagt stillingane.
Kvalifikasjonar:- Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
- Det er spesielt behov for 1-7-lærar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk, og kompetanse innan begynneropplæring.
- Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.
Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
Personlege eigenskapar:Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
- Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
- Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
- Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:- Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
- Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- To-lærarsystem ved fleire av skulane.
- Miljørettleiarar ved skulane.
- Lønns- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
062791b9-fdfe-4d36-be0d-b244ba6fd129
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611927_221513_nn