Hopp til innhold

Besøksheim kvar 4.helg

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Besøksheim
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. juli

Om stillinga

  • Avlasting er eit tilbod til familiar som har særlig tyngende omsorgsarbeid. Avlastninga skal gjere det mogleg for omsorgsytarane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og gi moglegheit for nødvendig, og regelmessig fritid og ferie. Som avlaster bidrar du til å hindre overbelastning for omsorgspersonane. Din heim skal være ein trygg og god stad der barn og unge kan være ein del av det vanlege familielivet. Det er viktig med forutsigbarhet, tryggleik og omsorg. 
  • Osterøy kommune søkjer etter besøksheim for eit barn på 7 år. Du vil ta i mot barnet i din eigen heim kvar 4.helg, fredag til mandag, 48 timar

  • Arbeidsoppgåver

    • Gje eit godt omsorgstilbod i 48 timar kvar 4.helg. 
    • Delta i aktivitetar saman med ungdommen. 
    • Sørge for eit trygt, sosialt og hyggelig opphald

    Kvalifikasjonskrav

    • Du må være stabil og ansvarlig. Kunne tilby eit trygt og godt miljø i besøkshelgene. 
    • Du må kunne sette grenser og ha eit åpent sinn. 
    • Det er viktig at du som avlastar tenker deg godt igjennom kva du har kapasitet til, og at du kan binda deg over tid. 
    • Avlastar og alle over 18 år i husstanden må framleggja gyldig politiattest. 
    • Det er ønskelig med førerkort og disponering av eigen bil.

    Vi tilbyr

    • Løn etter gjeldande lover og reglar 
    • Oppfølging og veiledning ved behov
    Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

    Kontaktperson for stillingen

    Tone Drevsjø

    avdelingsleiar

    +4793424017

    tone.drevsjo@osteroy.kommune

    Om bedriften

    Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

    Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

    I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

    Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    04f2d9fc-d283-44f0-be96-26ce7989527a

    Sist endret

    9. juni 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10299229

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser